Nyheter

Stryk pengestøtta til 351 religiøse forsamlingar

Kåre Smidsrød leiar éin av dei 160 pinsekyrkjelydane som er for små for statsstøtte i Stålsett-utvalets nye Livssyns-Noreg.

Over halvparten av forsamlingane i pinserørsla bør ikkje få offentleg pengestøtte, foreslår det regjeringsoppnemnte tros- og livssynsutvalet (Stålsett-utvalet). 160 av om lag 300 kyrkjelydar i den norske delen av rørsla har nemleg mindre enn 100 medlemar.

Dersom forslaget blir vedteke i Stortinget, er Kløfta pinsemenighet blant dei som mister all pengestøtte frå det offentlege.

– Det betyr kroken på døra for oss, seier pastor Kåre Smidsrød, som har 68 medlemer i forsamlinga si.

LES MER: Oslo-biskop vil gi flere trossamfunn rett til å vie

Sterke protestar. Forslaget frå fleirtalet i Stålsett-utvalet skal sikre at trus- og livssynssamfunna er seriøse. I tillegg skal det gjere organiseringa av støtta mindre byråkratisk. Det får pinsevennar til å reagere. Pinserørsla har nemleg lange tradisjonar for at alle forsamlingane er sjølvstendige kyrkjesamfunn.

– Eg forstår behovet for å sikre seriøsitet, men i eit fritt samfunn må ein gi rom for ulike organisasjonsformar. Dette minner om totalitære regimers styresett, seier Andreas Hegertun, talsperson for pinserørsla sitt leiarråd.

– I eit fritt samfunn må vi kunne organisere oss slik vi vil, utan at staten griper inn, understrekar han.

NETTMØTE: Sturla Stålsett: Dagens vigselsordning fungerer bra

– Slag i ansiktet. Han får støtte frå Dag Nygård, pinsevenn og spesialrådgjevar i Norges Kristne Råd.

– Det er kommunisme å leggje økonomiske føringar for å regulere ideologisk baserte einingar. I tillegg er det eit ganske hardt slag i ansiktet på alle dei som slit og står på for å halde små forsamlingar og pinsekyrkjer i gang rundt om i landet. At du har under 100 medlemer har ingen ting med manglande seriøsitet å gjere, seier Nygård.

– Når det gjeld å slanke byråkratiet for tilskotsordninga, er innteninga ved dette grepet minimal, sidan innrapporteringa går føre seg digitalt. Derimot aukar det belastninga på pastorar og frivillige i små forsamlingar som allereie har stor arbeidsbelastning. Dette er heilt urimeleg.

– Kan ikkje pinserørsla berre organisere seg i eit stort kyrkjesamfunn?

– Oppfatninga i pinserørsla er at ein ikkje finn forsamlingar som har noko styringsstruktur over den lokale forsamlinga i Det nye testamentet. Difor organiserer pinsekyrkjene seg i sjølvstendige samfunn. Staten må ikkje gripe inn i dette, seier Nygård.

LES MER: Homo-nei kan frata kristne organisasjoner statsstøtten

– Ikkje urimeleg. Regjeringa sitt trus- og livssynsutval skriv sjølv i rapporten at 160 av pinsekyrkjene vil miste pengestøtta ved den ordninga som blir skissert.

– Kvifor foreslår de likevel eit slikt system, utvalsleiar Sturla Stålsett?

– Med å krevje 100 medlemer for å få statsstøtte meiner vi å sikre at trus- og livssynssamfunna har eit godt nok grunnlag for å handtere støtta. Det er viktig for legitimiteten i ordninga. I tillegg gjer det organiseringa av støtta mindre byråkratisk. Vi har grunn til å tru at dette vil føre til at nokre trussamfunn vil slå seg saman. Vi meiner i tilfelle at det ikkje vil vere urimelig.

LES MER: Høybråten tar knallhardt oppgjør med Stålsett-rapporten

– Leiarrådet i pinserørsla argumenterer teologisk for si organisering. Vil ikkje staten gripe inn i trusfridommen med eit slikt krav?

– Vi ser dette som eit rimeleg administrativt krav. Til samanlikning krev ein i Sverige 3.000 medlemer for å få pengestøtte.

– Andreas Hegertun i pinserørsla sitt leiarråd meiner forslaget minner om totalitære regimers styresett?

– Vi meiner at dette forslaget ikkje grip inn i trusfridommen. Vi sikrar seriøsitet og forenklar organiseringa av pengestøtta.

HER KAN DU LESE ALLE VÅRT LANDS NETTSAKER OM STÅLSETT-UTVALGET

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter