Nyheter

Stoppar produksjonen av bibeldorull

Lambis religionsekspert oppdaga ikkje bibelversa. No blir det full stopp.

– Vi beklagar at vi har vore kunnskapslause og opprørt folk. No stoppar vi produksjonen med sitata frå Bibelen, seier marknadsføringsansvarleg for Lambi, Christina von Trampe.

Vårt Land skreiv i går at Lambi sin kampanje med å spreie kjærleiksord på toalettpapir over heile Skandinavia, enda med å tilgrise Guds ord. Fleire religiøse leiarar reagerte på at bibelvers på dopapir skulle nyttast til å tørke rumpa. Sjølv visste ikkje Lambi at sitata var frå Den heilage skrift.

Stoppar ikkje salet. Opphavleg skulle bibeldorullane vere i sal ut april månad, men det nye opplaget som blir produsert søndag, blir utan bibelvers. Nye, bibelfrie rullar skal vere på plass i butikkhyllene i Sverige på onsdag, og i Norge og Danmark i slutten av neste veke.

– Kor lenge vil rullane med bibelsitat framleis liggje i butikkhyllene?

– Det er vanskeleg å svare på sidan det kjem an på kor mykje butikkane har på lager. Vi gjer det vi kan for å stoppe dette.

– De vil ikkje gi butikkane beskjed om å stoppe salet av rullane med bibelsitat?

– Nei.

– Matvarer med hestekjøt blir fjerna frå butikkane. Dersom de vil har de vel moglegheit til å gjere det same?

– Eg kan ikkje riktig uttale meg om det, men eg skulle tru at det går an.

Konsulent. Generalsekretær for Bibelselskabet i Danmark, Morten Thomsen Højsgaard, uttalte i går i Vårt Land at bibelsitat på dorullar viser at Skandinavia er eit fritt og fryktlaust samfunn.

– De vil ikkje halde fram salet med bibelvers for å dyrke det frie Skandinavia?

– Nei, sidan dette støyter mange som har eit forhold til Den heilage skrifta vil vi ikkje med vilje ha det på dopapir. Vi vil ikkje ta stilling til ein debatt om eit fritt Skandinavia.

– Vil de prioritere å ruste opp religionskunnskapane i Lambi si marknadsavdeling?

– I den grad vi treng det, ja.

– Det trengs kanskje, sidan dette skjedde?

– Dersom vi skal trykke tekstar på nytt, vil vi ta inn ytterligare eksperthjelp. Vi hadde fleire ekspertar då vi valde ut desse sitata, også personar med religionskunnskapar, blant anna ein religionslærar.

– Den religionslæraren må kanskje lære seg litt kristendom?

– Ja, det kan ein meine ettersom dette har hendt.

Neste dorull frå Lambi skal ha eit sommardesign med blomar og blad. Selskapet har ikkje bestemt om det blir fleire rullar med tekst.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter