Nyheter

Stille etter stormen for Sørfonn

Ingebrigt Sørfonn har staka ut ein ny kurs og kjenner ingen lengsel til komitémerknadane på Stortinget.

15. november 2008 tok livet ei brå vending for den røynde politikaren. Ingebrigt Sørfonn var foreslått som listetopp og klar for sine fjerde periode på Stortinget, men nominasjonsmøtet i Hordaland KrF ville det annleis.

I staden for å ta imot folkets hyllest, køyrde sunnhordlendingen heimatt med klump i magen, hovudet fullt av spørsmål og mobilen full av SMS-meldingar - i denne samanheng forkorting for «sympati med Sørfonn».

– Eg opplevde ein flaum av støtteerklæringar. Slik blei eg boren gjennom ein periode som kunne blitt mykje tyngre om det berre var stille etterpå, seier han.

18 månader etter det stormfulle nominasjonsmøtet sit vi på Cafe Annemor med fritt utsyn mot Fitjar rådhus. Sørfonn har hatt fleire jobbar i denne bygningen - den første som 29 år gamal ordførar. I dag er han utan verv i partiet.

– Forresten, eg er styreleiar i eigedomsselskapet som eig bygningane til KrF sitt landskontor. Så dersom eg sel bygningen, sit dei jo fint i det, ler han.

Den lattermilde karen presenterer seg gjerne som «personifiseringa av mørkemannsrørsla» på Vestlandet.

Les heile intervjuet i torsdagsavisa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter