Klima

Solhjell tok kyrkja inn i klimavarmen

Men miljøvernministeren avviser at han vil binde Den norske kyrkja tettare til det raudgrøne prosjektet.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell inviterte i går Kyrkjerådet til kontoret sitt for å snakke om korleis klima kan bli satt høgare på dagsorden i valkampen.

– Er dette eit forsøk om å binde Den norske kyrkja tettare til det raudgrøne prosjektet, Solhjell?

– Nei, det ville vere ein krevjande jobb. Kyrkja går lenger tilbake i tid enn det raudgrøne prosjektet.

LES OGSÅ: Kirken tar ny oljekamp mot ministeren

På dagsorden. – Men utnyttar du at klima kan sjå ut som ei felles kampsak for SV og Den norske kyrkja?

– Nei, det er ikkje meininga bak møtet. Eg opplever at kyrkja prøver å gi merksemd om klimautfordringar og gi kunnskap om det. Eg vil ha kontakt med Den norske kyrkja fordi den vil ha klima høgt på dagsorden, seier Solhjell.

Solhjell har vore på bana fleire gongar etter at Kyrkjemøtet utfordra sine medlemmer til «å la hensynet til en forsvarlig klimapolitikk og arbeid for global rettferdighet få betydelig vekt» ved stortingsvalet i haust. Ministeren gjekk ut og støtta vedtaket, deltok deretter i ein klimadebatt i regi av Den norske kyrkja, for så å innkalle til klimamøte med Kyrkjerådet. Solhjell har også uttala at stemmer til KrF og Venstre ikkje vil stanse oljeutbygging i nord.

LES OGSÅ: Bryter Den norske kirkes miljøenighet

Håp om kommisjon. Kyrkjerådets leiar, Svein Arne Lindø, ser at kyrkja står i fare for å bli brukt av visse parti ved å oppfordre til grønt val.

– Vi merkar at nokon oppfattar det som om kyrkja har teke standpunkt til partipolitiske program, men slik er det ikkje. Det vi vil er at folk må stille spørsmål om partiet dei stemmer på har eit miljøengasjement som står i stil til ditt eige.

– Har du større tru på ein bærekraftkommisjon etter dette møtet?

– Eg synes responsen var god. No er det valår, og vi har ikkje bestemte forventningar til når dette kan kome på plass. Ein må bruke tid på dette, og eg fekk positive signal på at det kan skje, seier Lindø.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima