Nyheter

Slår tilbake mot humanetikarane

«Hotel Cæsar»-bakmann har laga «kristen» versjon av «Til ungdommen». – Eg håpar at det provoserer, seier han.

«Troen på livet vårt» har blitt til «troen på Jesus» i Finn Folke Thorp sin versjon av arbeidarrørsla sin kjære song. Før Thorp omskreiv Nordahl Griegs tekst, avkristna humanetikar Tore Sivertsen julesongen «Deilig er jorden», då «Oss er en evig frelser født» ble til ei hylling av jorda og «sommernattens lyse rav».

LES OGSÅ: Gir ut avkristna julesongar

Soknerådsleiar og manusforfattar. Thorp er manusforfattar og skreiv i fleire år manuset til TV 2-serien «Hotel Cæsar». Han er også leiar i soknerådet i Fagerborg i Oslo. Soknerådsleiaren vart «litt oppgitt» då han høyrte den humanetiske julesongversjonen, og bestemte seg for å svare med same mynt.

– Vi skal ikkje røre ved slike symbolsongar som «Deilig er jorden». Dette er eit bevisst plagiat for å setje saka på spissen. Så gjenstår det å sjå om nokon blir provosert av at eg kristnar «Til ungdommen», seier forfattaren.

LES OGSÅ: Hedninger kupper kristen adventssang

- Provoserande. – Det blir litt barnsleg, seier Kristin Rosenberg.

Ho er ein av arvingane etter Nordahl Grieg, og ho likar ikkje den nye versjonen.

– Det hadde vore eit misbruk dersom denne versjonen vart tatt i bruk og til dømes kom inn i salmeboka. Då hadde eg blitt provosert, seier Rosenberg.

Då det vart debattert i vår om «Til ungdommen» skulle inn i salmeboka, motsette Kristin Rosenberg seg dette og tok kontakt med Kyrkjerådet for å få stoppa det.

LES OG DISKUTER PÅ VERDIDEBATT: Tukling med julesang

Stel konseptet. – På same måte hadde eg ikkje likt det dersom denne kristne versjonen vart brukt i kyrkja og kristne samanhengar. Teksten stel heile konseptet til Griegs tekst, og han var ikkje kristen, seier arvingen, som understrekar at ho ikkje uttaler seg på vegne av alle arvingane.

– Kva ville Nordahl Grieg synst om den nye versjonen av Til ungdommen?

– Han ville neppe blitt begeistra, seier Rosenberg.

LES PÅ VERDIDEBATT: Tenn lys

Berre ler. – He he, ler humanetikar Tore Sivertsen på spørsmål om han blir provosert av den påkristna ateistsongen. Sivertsen sette mange sinn i kok då han denne månaden ga ut ei julesongbok der tre kristne salmar vart reinska for kristendom.

– Dersom kristne vil nytte Thorp sin versjon av «Til ungdommen», så er det greitt for meg.

– Trur du ikkje-kristne ville likt at «Til ungdommen» vart ein kristen song?

LES OGSÅ: Stjernedryss over årets julemusikk

– Ein kristen song. – Den nye versjonen er ein kristen song. Punktum. Eg trur ikkje det er sannsynleg at det blir den brukte versjonen. Songar vris på og blir parodiert, det er også ein del av kulturen.

Sivertsen trur dessutan at Bernhard Severin Ingemann, som skreiv den opphavlege teksten til «Deilig er jorden» i 1850, ville tilgitt han, sidan hensikta ikkje er å avkristne songen, men å skrive ei hylling til jorda.

LES OGSÅ: Verste julesang: All I Want for Christmas

Bryr seg ikkje. AUF, Arbeiderpartiets ungdomsorganisasjon, har trykka «Til ungdommen» til sitt bryst, og nytta songen i mange samanhengar, spesielt etter 22. juli.

– Kva av synes du om den nye versjonen, AUF-leiar Eskild Pedersen?

– Den får eit heilt nytt bodskap. Eg forstår at kristne kan reagere på avkristninga av «Deilig er jorden», så for meg blir det eit humoristisk motsvar, seier Pedersen.

Styreleiar i Human-Etisk Forbund, Åse Kleveland, meiner at Finn Folke Thorps omskriving «openbart er i strid med opphavsretten».

– Eg vel å betrakte dette som eit debattinnlegg, skriv ho i tekstmelding.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter