Nyheter

Skår Sørheim attvald som NMS-leiar med liten margin

Det vart jamnare løp enn forventa mellom dei to leiarerkandidatane til landsstyret i Misjonsselskapet.

Kari Skår Sørheim vart attvald til landsstyreleder med 57 prosent av røystene.
Med 353 røyster fekk ho fornya tillit, men motkandidaten Meling oppnådde 264 røyster.

– Eg er veldig glad for å bli attvald. Eg har stått midt i noko som eg ynskjer å fortsetje med. Røynslene eg har fått gjer at eg kan jobbe enda betre i en ny periode, seier Skår Sørheim.

– Hadde du ynskt større fleiretal?

– Når det er to kandidatar, er det demokratiet som skal styre. Resultatet viste at begge har tillit.

LES MER: Bekymret for Misjonsselskapets fremtid

Tre krevjande år. Skår Sørheim har vore leiar i tre krevjande år for Misjonsselskapet med omfattande omstrukturering og nedbemanning. Under ekstraordinær generalforsamling i mars i fjor var landsstyret på nippet til å gå av.

– Tre tøffe år kunne kanskje vore nok, sa Skår Sørheim i valtalen.

– Slik er det ikkje for meg. Eg ynskjer å våge meir for NMS i lag med dykk. Og det kjennest ikkje rett å trekkje meg frå ei oppgåve eg ikkje kjenner meg ferdig med.

SE OGSÅ: Huseby begeistret som ny generalsekretær

– Har vunne tillit. Ho fekk gode skussmål frå Arnstein Gjengedal som talte for henne. Han er styreleiar i Region Bjørgvin og ein av forslagsstillarar til alternativt forslag i grunnreglane. Han roste henne for måten ho leia organisasjonen på gjennom krisa.

– Det var svært krevjande. Då det stod på som verst, viste ho evne og styrke til å oppretthalde kontakt med ulike grupperingar slik at vi står saman som ei rørsle. Det står det stor respekt av. Og slik har ho vunne enda større tillit, sa Gjengedal.

LES OGSÅ: Mild bris i misjonsdebatten

Utsett val. Øyvind Meling, seniorkonsulent i Kyrkjerådet og styreleiar for Region Oslo/Borg, stilte som motkandidat.

– Han kjenner misjonsfolket, og framstår som ein tydeleg og samlande leiar. Han har kompetanse i personalleiing og økonomi som vil kome NMS til gode, sa Åse Dannemark, som heldt valtale for Meling.

Valet skulle eigentleg bli gjennomført fredag føremiddag, men var utsett fordi delegatar mangla røystesetlar. Resten av vala skal gjerast laurdag.

SE BILDESERIE: MISJONSFOLKETS FESTKVELD I KRISTIANSAND

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter