Nyheter

Samaritanarar må importere koner

Trudde du samaritanane ikkje ekisterte lenger? Importerte kvinner frå Ukranina redder dei frå utrydding.

Den religiøse gruppa, kjend frå Bibelen, har i dag krympa til ein liten minioritet på berre 766 personar. I tillegg til å vere få, har dei fått ei farleg utfordring: Sidan dei alle er i slekt, har faren for genetiske fødselsdefektar blitt stor. Det har tvinga dei til å opne for ekteskap med kvinner utanfrå. Sjølv om det sat langt inne hos dei religiøse leiarane, har no 11 ukraniske jenter gifta seg med samaritanarar. Eit ukrainsk ekteskapsbyrå fekk nemleg fart på sakene, melder Al-Jazeera.

Den religiøse gruppa telte tidlegare over 1 million mennesker, men forfølging og tvangskonvertering til islam eller kristendom gjennom århundrer har gjort at samaritanarane har stupt i talet. Sjølv ser dei verken på seg sjølv som jødar eller muslimar, men som dei originale isralittane. Dei har aldri forlatt «Det heilage landet», og ikkje forandra religiøs praksis. Folkegruppa held til i en landsby like utanfor Nablus på Vestbreidda.

Fryktar hentekonene sine religionar. – Eg er redd for framtida. Det må vi vere no når vi inviterer jenter som er jødar, kristne eller muslimar. Men vi har ikkje noko val sidan vi har så få jenter i forhold til menn, fortel den religiøse leiaren Husney Cohen til Al-Jazeera.

Men kostnaden av ikkje å sleppe til annleis truande kvinner, er større. Mange samaritanske ektepar tek medisinske testar for å sjå om genene deira kan gi framtidige born medfødde sjukdommar.

Ungjekk fødselsfeil. – Heldigvis, takk til Gud, i vår familie har vi ikkje sjukdom i genene, fortel Ishaq Samri etter å ha fått gode resultater frå legen.

Han frykta at det skulle gå med fosteret i magen til kona slik som det gjekk med bornet til den felles kusina som han og kona deler. Ho fekk eit born som er døvt og stumt.

No trur Samri at medisinsk teknologi og opninga for ekteskap med andre enn samaritanarar, gjer at problemet med genetiske fødselsdefektar vil bli overvunne.

– Men steget med å tillate koner utanfrå måtte bli tenkt nøye gjennom. Desse kvinnene må nemleg lære våre tradisjonar og religion. Vi må ta vare på religionen vår som har vart i tusenvis av år, seier Ishaq Samri.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter