Nyheter

Russepresident kritiserar elevar i 'kristenboble'

Emil André Erstad er einaste kristenruss på Tertnes vidaregåande. Han etterlyser støtte frå elevar ved kristne skular.

- Det er usolidarisk å ikkje stille opp for russ som er få eller åleine kristne på sine skular. Det står i Bibelen at vi skal støtte kvarandre, men eg opplever at mange kristne på internatskulane gløymer det, seier Erstad.

Han er president for landets 830 kristenruss, men er sjølv heilt åleine kristenruss på Tertnes vidaregåande skule i Bergen som har omlag 110 russ i år. Venene hans frå indremisjonsmiljøet heime på Radøy i Nordhordland begynte stort sett på dei kristne internatskulane Framnes i Norheimsund og Kongshaug på Os eller Danielsen i Bergen, som ikkje er internatskule. Sjølv valde han ein offentleg skule fordi dei hadde toppidrettslinje.

'Usolidarisk'. Erstad meiner det er bra det fins kristne vidaregåande skular, men at russen der har eit ansvar for å støtte kristenrussen på offentlege skular. Dei bør stille opp på weekender og kveldsarrangement som kristenrussen arrangerer, meiner han.

DISKUTER: Kva rolle bør kristenrussen ha?

Presidenten fortel at kristenrussen oppmodar sine medlemer til å stille på russetreffa som vanlig russ har, også i Kongeparken og på Tryvann. Der bør også internatelevane stille, meiner han.

– Det er lettare å gå saman med andre ein kjenner i kristenrussen. Går ein åleine, er det lett å sleppe taket i det ein trur på, for presset er stort. Åleine er ein svak, men saman er vi sterke.

Turné. Kvar haust har Kristenrussen ein kickoffturné der eit team reiser rundt i landet for å starte kristenrussarbeid og opprette lokale styrer.

– Eg prøver å kome i kontakt med russepresidentane på dei kristne privatskulane, seier Morten Eikli, prosjektleiar for Kristenrussen i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag.

– Kva respons får du?

– At dei skal ta det vidare. Viss vi skal fordele skuld, har kristenrussen definitivt eit forbetringspotensiale i kontakten med dei kristne skulane, og dei kristne skulane kan bli betre på å sjå kristenrussen som sin forlenga arm, seier Eikli.

– Russen på einskilde internatskular samlar åleine inn meir pengar til misjonsprosjektet enn dei 500.000 kronene som er kristenrussens mål i år. Forventer de at dei skal engasjere seg to plassar?

– Eg ser verkeleg opp til engasjementet for misjonsprosjekta og ser at det å engasjere seg i kristenrussen kan verte for mykje. Men kristenrussen er mykje meir. Vi fokuserer ikkje berre på misjon internasjonalt, men også lokalt. Viss vi kunne stå saman i kristenrusstida, kunne vi verkeleg gjort ein stor forskjell. Men då må internatelevane ut av komfortsona og si eiga boble.

– Kunne vore betre. – Vi kunne sikkert vore betre, seier russepresident Egil Brandsæter Hvam på Sygna vidaregåande skule.

Han leiar i underkant av 50 russ ved den kristne internatskulen i Balestrand i Sogn. Mindre enn ti er kristenruss.

Russepresident Christian Fonneland ved Kongshaug Musikkgymnas i Os avviser at dei lever i ei kristenboble.

– Vi spelar inn to nye program av «Åpen himmel» for NRK, så vi har vore opptekne av det så langt i russetida. Sist program vart sett av 300.000 sjåarar, så vi når ikkje ut til berre kristne, seier han.

– Har de eit solidarisk ansvar for å stille opp for kristenruss?

– Ja. Difor er det mange som skal til Kragerø, seier Fonneland.

Norsk Luthersk Misjonssamband er den største skuleeigaren med ni vidaregåande skular som i år har 442 russ.

– Eg Ynskjer ikkje at russen på Misjonssambandets skoler opptrer som dei er seg sjølv nok, seier informasjonsleiar Espen Ottosen.

Les meir i papiravisa torsdag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter