Nyheter

– Radikaliseringa aukar i fengsla

No ser leiinga på kva fangar som blir plassert saman, og tilbyr prat med prest, imam eller mentor.

Marianne Vollan er direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet og har sett tendensen til radikalisering i fengsla vekse.

– Eg vil ikkje seie noko om det detaljerte omfanget. Men det er eit område vi har sett på over lang tid, og det er klart at omfanget har auka noko. I lys av dei terrorangrepa vi har sett i den siste tida, vil Kriminalomsorgsdirektoratet sende ut eit skriv med informasjon til alle våre tilsette om kva forhold dei bør vere merksame på.

– Kva er dei nye strakstiltaka?

– Det er tre tiltak: Team av livssynsarbeidarar, mentorordning og kunnskapsauke (sjå faktaboks). Det kan vere ting som er lette å få auge på, men også fleire ting som kan vere vanskeleg å oppdage. Då er meir kunnskap veldig viktig. Vi ser også på kva fangar som skal bli plassert saman.

Er dei nye tiltaka ein direkte konsekvens av dei nylege terroråtaka?

– Nei, tiltaka er del av handlingsplanen til regjeringa som blei lansert i fjor. Den er ein respons på det aukande omfanget av radikalisering.

LES MEIR: Livssynsteam skal hindre radikalisering

Livssynsteam

Kan du fortelje litt meir om det nye livssynsteamet?

– Vi har ei arbeidsgruppe som held på å lage eit opplegg for dette no, og vi veit frå andre europeiske land at samarbeid mellom ulike livssyn kan motverke radikalisering.

Kven vil vere del av teamet?

– Dei vil vere frå ulike trusretningar. Det kan vere ein imam, ein prest, og så vidare. Detaljar får vi komme tilbake til noko seinare.

– Dette er ei intensivering av tidlegare tiltak, seier du. Men radikalisering har vore eit tema lenge. Burde ikkje dette vore gjort før?

– Radikalisering er ikkje ei ny problemstilling for oss. Det aller viktigaste er våre tilsette som er ute blant dei innsette. Samhandling og samtale er grunnleggande viktig i det arbeidet vi gjer.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Teken for å vere 35

Når gjorde du sist noko for første gong?

– Eg dykka med kvithaiar i Sør-Afrika i fjor. Det var kjempespennande!

Kva er heilagt for deg?

– Dei grunnleggande verdiane i eit demokratisk samfunn.

– Kva ber du om tilgjeving for?

– Det kan vere så mangt. Viss eg har gjort noko som eg synest ein bør be om tilgjeving for, så gjer eg det. Men det er jo alltid betre å be om løyve enn tilgjeving.

– Kva er det raraste du har høyrt om deg sjølv?

– Førre veke var det nokon som tok meg for å vere 35!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter