Nyheter

Presteforeninga kallar inn til ekstraordinært møte

Proteststormen mot homoliturgi-vedtak har ført til at Presteforeininga no kallar inn til ekstraordinært møte i representantskapet.

– På bakgrunn av kritikken som er reist, og etter oppmoding frå våre stiftsstyreleiarar, vil vi ha eit slikt møte over jul, seier leiaren i Presteforeininga (PF), Gunnar Mindestrømmen, til Vårt Land.

Motbør. Sentralstyret i fagforeininga som organiserer det store fleirtalet av prestar i Den norske kyrkja, har møtt kraftig motbør frå mange av medlemmane etter utspelet sitt om at kyrkja må få ein vigselsliturgi for samkjønna.

Vårt Lands nettutgåve meldte måndag at Egil Morland, som var toppleiar i Presteforeininga på 90-talet, no har han meldt seg ut.

LES OGSÅ: Krev full retrett av Presteforeininga etter homo-standpunkt

Full retrett. «Eg oppmodar PF til å samla sentralstyret med ein gong. Det er berre full retrett som kan aksepterast», skriv han i utmeldingsbrevet sitt til Presteforeininga (PF).

– Kva svarar de til Morland, Mindestrømmen?

– Vi beklagar at Morland har meldt seg ut, og vi har registrert kritikken. No får vi la dei organisasjonsmessige prosessane gå internt i foreininga. Vi kallar inn representantskapet til møte.

LES OGSÅ: Tredje biskop ut av fagforening etter homovedtak

Ulike syn. – Kva blir tema på dette møtet?

– Korleis Presteforeininga skal kunne ivareta prestar med ulike teologiske syn i samlivsetiske spørsmål.

PF-leiaren presiserer at det er Bispemøtet som har teke føre seg ei læremessig avklaring som inneber at kyrkja anerkjenner homofilt samliv.

– Det PF har sagt, er at den naturlege slutninga av det er å opne for at likekjønna par kan bli via i kyrkja, seier Mindestrømmen.

Har ikkje tal. – Kor mange har meldt seg ut av Presteforeininga den siste veka?

– Eg har ikkje tala no. Noko av problemet er at folk sender kopiar i alle retningar, så det er ikkje lett å halde oversikta, svarar leiaren i fagforeininga.

– Bispemøtet har teke føre seg ei læremessig avklaring som inneber at kyrkja anerkjenner homofilt samliv. Den naturlege slutninga av det er å opne for at likekjønna par kan bli via i kyrkja, har Presteforeininga sin leiar, Gunnar Mindestrømmen, sagt på vegne av sentralstyret.

LES OGSÅ: Presteforeningen sier ja til å vie homofile

Les mer om mer disse temaene:

Jan Arild Holbek

Jan Arild Holbek

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter