Nyheter

Prest ber mødrene drikke vin før dåpen

Det vil gjere barna rolegare i kyrkja, meiner Carsten Wind Hansen.

Sokneprest Carsten Wind Hansen i Høyanger kjem ifølgje VG med eit fuktig råd til mødrene før dåpsseremonien i kyrkja.

LES OGSÅ: Avisenes gladsaker om alkohol blir større og større

Det viktige for meg er at folk får ei god oppleving under dåpen. Eit alternativ er at mor drikk litt alkohol og ammar barnet på førehand, seier Wind Hansen.

På spørsmål om dette er for at barna skal bli rolegare, svarar han:

Ja, men kanskje mest for foreldra si skuld, for at dei ikkje skal vere nervøse og heller få ei god oppleving i kyrkja. Eg meiner sjølvsagt ikkje at ein skal drikke mange glas, men ein kan vurdere å drikke litt alkohol dagen før.

LES OGSÅ: En av tre mener gravide kan drikke alkohol

Presten som er dansk, etterlyser eit meir avslappa forhold til alkohol.

I Danmark var det i gamle dagar vanleg at ein amma med litt alkohol for å gjere barna rolege. Dette er eit gammalt kjerringråd som det er nok er meir vanleg å følgje i Danmark enn i Noreg, seier Wind Hansen til VG.

LES OGSÅ: Flere skades av mors drikking

Men overlege og ammeekspert Gro Nylander er skeptisk til presteråd. Ho seier det kan vere farleg med alkohol i morsmjølka. Hennar råd er å lure puppen ut og amme barnet i kyrkja.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter