Nyheter

Predikant bannlyst frå pub

Glenn Wiik snakkar for mykje om Jesus, meiner innehavaren.

Misjonsmarka til predikanten Glenn Wiik i Haugesund er redusert frå fire til tre pubar, meldar NRK Rogaland.

– Eg er ute med mange forskjellige motiv, for å seia det slik. Eg ønskjer å velsigna folk, eg ønskjer at folk skal ha det bra, og så er det ei fantastisk fin oppleving å vera sosial med folk som ikkje har det same tankebana som seg sjølv. Eg trur at me kristne har isolert oss litt for lenge, seier Wiik.

Følg oss på Facebook og Twitter

– Påtrengande for gjestane

Innehavar av puben Munkekjelleren, Anders Bergstrand, seier han har fått mange klager på Wiik og difor gitt melding om at predikanten ikkje er velkomen meir. Sjølv hevder Wiik at han ikkje får negativ respons.

– Nei, og det har han sagt til meg også. Men kundane kjem ikkje til han, dei kjem til meg med klagene. Dei føler at han er påtrengande, seier Bergstrand til NRK.

– Passar ikkje inn

Også på utestaden Memphis heng misjonsverksemda i ein tynn tråd. Innehavar Jan Helge Johannessen innrømmer overfor NRK at han har vore inne på tanken om å nekte Wiik å kome inn.

– Det er det at han set seg ned med folk som er ute for å kosa seg, ta seg ei øl og slappa av, så kjem han med bibelorda sine som ikkje passar inn på ein utestad, seier Johannessen.

– Berre dersom det er naturleg

Wiik har ei anna oppfatning av saka.

– Eg går inn på ein plass med respekt og forståing for at det er mange som ikkje tenkjer slik som meg. Eg kan gå inn ein plass ein kveld utan å snakka om dette i det heile tatt, fordi det ikkje blir naturleg å ta det opp. Eg søkjer ikkje kontakt med folk som det er unaturleg for meg å søkja kontakt med, hevdar Wiik.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter