Nyheter

Politiet legg vekk orgelmysterium

Gjev opp å finne ut kven som gøymde 1.000 orgelpiper.

- Vi har ingen spor å gå etter og har ingen mistenkte. Saka er sendt inn for å bli lagt vekk, seier etterforskingsleiar Grethe M. Fossum ved Melhus lensmannskontor til Trønderbladet.

Orgelpiper til fleire millionar

Det kom som eit sjokk på kyrkjelyden i Melhus då det 22. januar viste seg at dei rundt 1.000 pipene var søkk borte. Dei skulle nyttast til eit nytt orgel, og fleire av pipene er over to meter lange. Verdien er fleire millionar kroner.

Politiet sette inn store ressursar for å finne pipene, men dagen etter fann kyrkjetenaren dei øvst i kyrkjetrappa i kyrkjetårnet og i eit stort loftsrom.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vil ikkje etterforske rykte

Men undersøkingar som fingeravtrykk har ikkje ført politiet noko nærmare kven som har flytta på pipene, noko som mange har sett på som eit pek. Det har nemlig vore svært omstridd sak i bygda kva firma som skal få oppdraget med å byggje det nye orgelet.

Ingen har innrømt noko i saka, og dei mange rykta vil ikkje politiet etterforske.

– Vi må ha meir handfaste spor å gå etter, seier Fossum til avisa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter