Nyheter

Pengemangel stengjer to kyrkjer i Sandnes

Hovudkyrkja i ein av landets mest kyrkjeaktive kommunar vert stengt 3. juledag.

«Nei», må kyrkjeverje Andreas E. Eidsaa jr. seie til alle som vil ha gravferder, dåp eller vigsler i dei tradisjonsrike kyrkjene Sandnes og Høyland i vinter.

LES OGSÅ: Fakkeltog mot prestekutt

Stopp. Frå tredje juledag til 1. mars vert dørene låste i to kyrkjer i Sandnes. Med det er det bom stopp for alle kyrkjelege handlingar i dei to kyrkjene denne vinteren. Og det er ikkje perifere kyrkjer som sjeldan er i bruk som får kroken på døra. Sandnes kyrkje er hovudkyrkja i byen.

– Så langt vi kjenner til, er det første gongen i historia at kyrkjene blir stengde som følgje av kutt i offentleg støtte. Til og med i dei vanskelege trettiåra heldt kyrkjene opne, seier kyrkjeverje Eidsaa Jr. som har fått fortvila telefonar frå eldre kvinner som har gått i Sandnes kyrkje heile livet og spørsmål frå unge foreldre som spør kva som skjer med dåp.

– Er dette krisemaksimering eller er det reelt?

– Dette er heilt reelt. Vi har kutta også i tidlegare år. No må vi ta tilboda som faktisk rører menneske. Det taler for seg sjølv når vi har hatt kutt frå kommunen i åtte av dei ti siste åra, seier Eidsaa jr.

Trist. – Kva svarar du dei som ikkje får gravleggje sine kjære i Sandnes eller Høyland kirke?

– At vi synest det er frykteleg trist, men heldigvis har vi Soma gravkapell som vi må bruke. Det er på grunn av kutt frå politikarane, og det er vi leie oss for.

Tradisjon. Medan Sandnes og Høyland kyrkjer er tradisjonelle soknekyrkjer med lange tradisjonar, ligg Soma gravkapell ved ein gravplass i utkanten av byen.

– Er det ei fullgod løysing å vise folk til gravkapellet?

– Teknisk sett er det ei fullgod løysing, men ikkje kjenslemessig. Difor synest vi det er svært trist. Sandnes gravkapell vart tidlegare stengt på grunn av kommunale kutt. Den gongen vart det sterke reaksjonar og politikarane kom med pengar.

– Håper de at politikarane kjem med pengar når stengjer kyrkjer også denne gongen?

– Bystyret har møte tysdag. Partia har teke sine avgjerder, så dette er ikkje eit taktisk vedtak.

Straumslukarar. - Kvifor har de valt å ta ut desse to kyrkjene?

– Dei er tradisjonelle, eldre langkyrkjer som brukarmykje straum. Difor er det ein gevinst å stengje dei to i vinterkulda. Det er også enklare enn å stengje arbeidskyrkjene der dei tilsette har kontor i kyrkjene.

Når Sandnes kyrkje og Sandnes kapell er stengde, er det ingen opne kyrkjer i Sandnes sokn.

– Har de heimel i kyrkjelova for å kutte gudstenester og alle kyrkjelege handlingar i eit sokn?

– Så lenge vi ikkje får økonomiske midlar, hjelper det ikkje med heimlar og vakre ord. Til det umogelege er ingen forplikta.

Stenger kapell. Stengde kyrkjer er ikkje det einaste resultatet etter at Sandnes kommune har varsla eit kutt på 620.000 kroner neste år. I tillegg ventar auka straumutgifter på 600.000 kroner. Fellesrådet har vedteke ei rekkje kutt for å spare 1,2 millionar kroner:

Sandnes kapell blir stengt ut 2011. Gravkapellet er allereie stengt.

Det blir kutt i støtta til ungdomsprest i Gand menighet. To tredjedel av stillinga er finansiert av fellesrådet. Halvparten av dette - 155 000 kroner - vert no kutta. Ein tredjedel av stillinga vert betalt av kyrkjelyden sjølv. Det er i fredag kveld planlagt fakkeltog til støtte for ungdomspreststillinga i kyrkjelyden.

Frys i utbetaling av honorar til alle medlemer i sokneråd og fellesråd gjev 150 000 kroner i innsparing.

Kyrkjelydane må sjølve samla inn ekstra pengar for å betale 10 prosent av straumutgiftene.

«Spesielt». Direktør Øystein Dahle i KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon seier at det er «spesielt» at dei har kome i ein situasjon der dei ser seg nøydde til å stengje kyrkjebygga.

Det skal ikkje ramme sjansen til å gjennomføre forordna gudstenester og at det kan gjennomførast verdige gravferder. Det er dei viktige spørsmåla.

– Er det lov å stengje alle kyrkjene i eit sokn?

- Fellesrådet kan ikkje leggje ned ei kyrkje, men det er meir akseptabelt med ei mellombels stenging ut frå særskille forhold dersom ein har gode alternativ.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter