Nyheter

Pastor ynskjer Frp-topp velkommen

Fylkesleiar i Frp 
sa ha det til Den norske kyrkja etter prestestreiken. No opnar Frikyrkja døra.

– Vi har opent for alle og opplever stadig at medlemmar frå andre samanhengar finn seg til rette hos oss.

Det seier pastor Bjørn Roger Stien i Namsos Frikyrkje. Han er einig med fylkesleiar for Framstegspartiet i Nord-Trøndelag, Einar Almaas: Prestar er i ein spesiell situasjon og skal ikkje streike.

– Dette tek eg veldig tungt. Eg er veldig skuffa, sa Einar Almaas til Vårt Land fredag om at prestar i Den norske kyrkja streika mot regjeringas forslag til endringar i arbeidsmiljølova.

LES SAKEN HER: Forlet kyrkja då prestane streika

– Merkeleg

På grunn av streiken meldte politikaren seg ut av Den norske kyrkja. Kyrkje­gjengaren Almaas har vore medlem heile livet og har i det siste gått i kyrkjelydane i Bjugn og Namsos. No vil han sjå seg om etter eit nytt kristent fellesskap.

Frikyrkja er det kyrkjesamfunnet i Namsos som liknar mest på Den norske kyrkja. Pastor Bjørn Roger Stien kan trygge ­politikaren med at han aldri ville delteke i streik.

– Vi prestar og pastorar kan gjerne støtte opp om sosiale tiltak, men det som prestar deltok i på onsdag, var ein politisk streik. Eg meiner at prestar og pastorar har noko anna enn ein ordinær jobb. Først og fremst har vi eit kall frå Gud til å vere der for folk. For meg ville det kjentes merkeleg å streike, seier han.

LES MER: Streiket – men hadde telefonen på

– Er nøytrale

– Er du einig med Almaas om at streiking bryt med prestegjerninga?

– Ja, eg er einig i det han har poengtert i lokalavisa om at prestar er i ein spesiell situasjon. Ein prest er innsett av Gud og skal tene folket. Det handlar om kven ein ser på som arbeidsgjevar.

– Kor mykje involverer Namsos frikyrkje seg i samfunnsdebatt og politikk?

– Vi deltek eigentleg ikkje i det. Vi ynskjer å vere nøytrale og har folk frå forskjellige leirar.

– Er det verkeleg mogleg å vere nøytral i alle saker? Kva om ein lokal asylsak skulle dukke opp, her har kyrkja sterke tradisjonar?

– Vi er forplikta på nestekjærleiksbodet. At det kan bikke over til å få eit politisk språk ser eg ikkje vekk i frå. Det Jesus sa i Bergpreika i Bibelen er nemleg grunnlaget vårt, seier Stien.

LES KOMMENTAR: En milepæl, tross alt

– Tull å streike

Det var i 2012 at Presteforeininga i Den norske kyrkja vedtok å oppheve sin sjølvpålagte reservasjon mot å streike. I den samanheng spurte Vårt Land fem frikyrkjeprestar om dei kunne streika. Alle fem svarte bastant nei.

«For å vere heilt ærleg, så synes­ eg det er noko tull å streike når du er prest», uttalte Sigurd Markussen som er prest i Den katolske kyrkja.

– Kva synes du om at prestar i Den norske kyrkja onsdag deltok i den politiske streiken, Markussen?

– Eg kan godt forstå at prestar vil stå opp for andre sin rett til rettferdig lønn, men at prestar skal streike for eigne rettar er merkeleg.

– Kvifor det?

– Hos oss er prestetenesta basert­ på kall og teneste. Vi prioriterer Gud og andre menneske først. Det er biskopen sitt ansvar at prestar har gode levekår.

LES MER: Prestene streiker for første gang

– Protester annleis

Han fortel at ikkje mange prestar i Den katolske kyrkja rundt om kring i verda har lønn, men at dei norske fekk det på 1980-talet for å tilpasse seg det norske skatte­systemet.

Leiaren i Presteforeininga sa onsdag i Vårt Land at «endringene­ i arbeidsmiljøloven vil ramme de svakeste. Forslaget fra regjeringen er ikke et vern for disse, men loven gir arbeidsgiverne større handlingsrom».

– Kunne du delteke i ons­dagens streik med dette som vilkår?

– Nei, katolske prestar har ikkje lov til å streike. Om katolske prestar ynskjer å markere eit syn for noko, finst det andre måtar å gjere det på enn ved å streike. Ved ein streik legg ein ned sitt arbeid, det gjer aldri ein katolsk prest.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Metodistprest rosar

Pastor Hilde Sanden-Bjønness i Horten metodistkyrkje var også negativ til streik i 2012.

– Ville du ha delteke på streiken onsdag, Sanden-Bjønness?

– Eg har ikkje mandat til å streike sidan pastorar i Metodistkyrkja ikkje er fagorganiserte. Men saka prestane streika for er god, og eg kunne absolutt delteke.

Ho er einig med Presteforeininga i at endring av arbeidsmiljølova vil ramme dei svakaste.

– Difor er det ein fin sak prestane streika på for første gong.

– Kva om prestane hadde streika for å få høgare løn?

– Det er verre. Prestar i Den norske kyrkja tener ganske mykje meir enn oss i frikyrkjene. Eg har mykje meir sans for at dei streikar for dei svakaste i samfunnet, seier Sanden-Bjønness.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter