Nyheter

Pastor: Lær av Rema og Norwegian

– Vi må bringe varene og kyrkja til folket, seier Jostein Krogedal til kyrkjeplantarar.

– Kor mange her inne vil plante kyrkjer? spør Jostein Krogedal.

Pastoren, som styrer fem kyrkjer i Norge, ser hendene stige i veret.

– Bra! Eg er så gira at eg ikkje får mi eiga handa ned igjen, seier Krogedal til latter.

Satsar på 1.000. Vi er på den store kyrkjeplantingskonferansen Dawn i Oslo som samlar 750 førehandspåmelde. Arrangørane håpar å samle 1.000 menneske på dei opne kveldsmøta.

Ser ein vekk frå immigrantkyrkjelydane har talet på kyrkjer har gått ned dei siste tiåra i Norge, men framveksten av Intro-kyrkjene i pinsebevegelsen er blant unntaka. Etter starten i 2002 har Intro i dag veletablerte kyrkjer i Sandnes, Stavanger, Drammen, Egersund og Oslo. På seminaret «Menighetsplanting ABC» serverer kyrkjegründeren sine beste tips til dei om lag 100 frammøtte.

– Lat oss seie at eg såg 30 hender i veret her. Dersom de 30 går ut og gjer ein forskjell, og at de får med dykk andre folk så kan plutseleg tusenvis av menneske bli nådd med evangeliet. Det er ikkje Statistisk sentralbyrå som definerer historia, det er Guds rike og Den heilage ande, seier han til heiarop i rommet.

Tips. Krogedal snakkar utan stopp og kastar ut tips etter tips. Blant punkta på tipslista er å lære norske kjende gründerar.

* Rema 1000s sjef Ole Robert Reitan bestemte seg for å ha ein butikk på alle stader det er 20.000 menneske.

– Vi må bringe varene og kyrkja til folket, seier Krogedal.

* Norwegians sjef Bjørn Kjos sette ein ny standard med sine billege flyreise.

– Kva kan vi lære? Jo, at grundarar Kjos eigentleg skulle vore i kyrkja, men så er det ikkje plass til dei der. Då går dei heller ut og skapar historie med gåvene sine. Våg å tenke utanfor boksen! oppfordrar pastoren.

* Artikkelserien «Gasellene» i Dagens Næringsliv, som fortel om leiarane bak nye bedrifter.

– Her ser du korleis dei taklar smerte, kjem over eigne problem, over konfliktar og korleis dei kjem seg vidare når det ikkje er meir pengar.

Intro utvidar. Etter seminaret har ikkje Krogedal tid til å svare på spørsmål frå Vårt Land, men den andre talaren, Andreas Hasseløy, fortel at Intro har fleire plantingar på gong.

– På møta våre i Drammen er det fleire som kjem frå Sandefjord-området og Tønsberg. Vi har starta opp med småfellesskap på desse stadene og vurderer no vegen vidare, seier Hasseløy, som er pastor for kyrkjelydane i Drammen og Oslo.

– Det ligg i Intro sin natur å starte opp på nye stader, legg han til.

Glad. Dagleg leiar i Dawn, Øivind Augland, er svært nøgd med konferansen så langt.

– Denne konferansen er mykje større enn den vi arrangerte i 2006. Då var vi knapt 200, seier han.

Årsaka til auken er at 15 kyrkjer og misjonsorganisasjonar er med som arrangørar. Det er første gongen at eit så breitt spekter samarbeider om å mobiliserer for kyrkjeplanting.

– Dessutan er 45 prosent av deltakarane under 35 år. Målet er at den unge generasjonen skal gripe målet om å plante 400 nye fellesskap dei neste ti åra, seier Augland.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter