Nyheter

Overgrepsoffer hardt ut mot paven

Kritiserer pave Benedikt for utfallet hans mot belgisk politirazzia i kyrkjekontor.

Sist veke gjorde belgisk politi eit raid i kontora til den katolske kyrkja i Belgia som del av etterforskinga av sexovergrep mot mindreårige. Politiet opna også gravene til dei to siste erkebiskopane – dei bora hol i gravene for å undersøkje dei med kamera på jakta etter gøymde dokument.

Politiet nekta ni biskopar som sat i møte, å forlate lokala før etter ni timar. Mobiltelefonane deira vart inndregne. Politiet tok seg også inn i kontora til den kyrkjelege kommisjonen som etterforskar overgrepsskuldingar og tok med seg dokument frå 500 saker og ein PC.

LES OGSÅ: Prester må hindre 'sannsynlige' overgrep

LES OGSÅ: Meldeplikten: Norge går motsatt vei av Tyskland

Utfall. Pave Benedikt XVI kalla i helga politiaksjonen for «overraskande og uheldig». Han kravde at kyrkja sjølv må få ha ei rolle i etterforskinga av skuldingar om overgrep i kyrkjelege rekkjer.

LES OGSÅ: Paven beklagar politirazzia i Belgia

Vatikanet har også protestert til den belgiske ambassadøren i Vatikanet. Kardinal Tarcisio Bertone sa at politiaksjonen er verre enn det som hende jamvel i kommunisttida.

Men den amerikanske gruppa Snap som organiserer amerikanske offer for sexovergrep, helsar velkommen politirazziaen.

Joelle Casteix seier at det kyrkjelege hierarkiet og talsmenn for Vatikanet skulle skamme seg når dei kritiserer det belgiske politiet.

– Medan talsmenn for den katolske kyrkja snakkar om å stoppe overgrep, handlar belgisk politi for å stoppe overgrep, seier ho ifølgje den engelske avisa The Guardian.

Snap hevdar på nettsida si at paveutfallet mot belgisk politi viser at det «buisness as usual» i Roma i den pågåande krisa. Organisasjonen meiner at medan paven uttrykkjer at han bryr seg om offera, viser handlingane hans at han vernar sine kollegaer.

LES OGSÅ: Amerikansk overgrepsoffer saksøker paven

Den belgiske kyrkja har bede om orsaking for overgrepa som er skjedde i kyrkja og har lova å slå ned på overgriparar. Paven har utnemnd Jozef De Kesel som biskop for å erstatte Roger Vangheluwe som gjekk av i april på grunn av eit overgrep mot ein gut

LES OGSÅ: Belgisk biskop tilstår overgrep, går av

Monsignor André-Joseph Léonard, som leier den belgiske kyrkjekonferansen, sa at razziaen var inspirert av «kriminalromanar og Da Vinci-koden».

Paven sa at overgrep innan kyrkja må handterast både av sivil og kyrkjeleg lov. Han kravde gjensidig respekt mellom dei to.

LES OGSÅ: Paven forsterkar orsaking for overgrep

LES OGSÅ: Eidsvig om overgrep: - Mediekatastrofe av Vatikanet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter