Nyheter

Ottosen om homosang-saka: Klønete å avlyse konsert

Informasjonsleiaren i NLM lei seg for at ung artist fekk avlyst konsert.

Misjonssambandet vil evaluere det som hende då Region øst i organisasjonen på kort varsel avlyste ein annonsert konsert med sangaren Maria Merete Trøen då dei fann ut at hun syng årets «pridelåt» på Skeive dagar.

– Vi vil evaluere dette tidleg neste veke når regionleiar Jarleif Gaustad er tibake frå Ungarn, seier Espen Ottosen til Vårt Land.

LES OGSÅ: Vraket etter homosang: Urettferdig

Dobbelkommunikasjon. Misjonsfestivalen i Hurdal blei arrangert av organisasjonens Region øst, og avgjerda om å trekkje tilbake invitasjonen til Maria Merete Trøen blei tatt der. Men hovudkontoret var orientert. «At Maria Merete Trøen profileres slik hun gjør på skeivedager.no er uforenlig med vår profil,» forklarte regionleiar Jarleif Gaustad i ei tekstmelding til Vårt Land under opphaldet i Ungarn.

Til Norea radio seier Ottosen no at saka vart klønete handtert. Han fastheld derimot standpunktet at talarar og sangarar bør stå inne for det organisasjonen meiner mellom anna om homofilt samliv som NLM meiner bryt med kristen etikk. Han seier at det same gjeld sambuarskap, sjølv om organisasjonen ikkje vil drive dyneløfting for å sjekke sangarar og talarar.

LES OGSÅ: Strøket fra misjonsfestival etter homosang

– NLM vil vere tydeleg på at homofilt samliv ikkje er i samsvar med kristen etikk. Vi prøver å unngå dobbeltkommunikasjon der vi på den eine sida tydeleg seier at homofilt samliv er gale, og på den andre sida signaliserer at sangarar og talarar kan tenkje annleis.

Beklageleg. Men Ottosen seier at det er beklageleg at arrangementet som var annonsert, vart avlyst like før den skulle gå av stabelen – og dette ramma ein ung artist.

– Å avlyse annonserte konsertar er alltid uheldig. Det er ikkje slik vi ønskjer å handtere artistar. Folk synest vi er firkanta i møte med ein ung artist.

Han seier at han leverer godt med at homorørsla stemplar NLM som intolerant.

– Det vanskelege er tilhøvet til denne artisten og at organisasjonen lokalt vert oppfatta som homonegativ. Den har mykje anna å bidra med, seier Ottosen.

HÅVARD SKARRE PÅ VERDIDEBATT.NO: «NLM setter det meste i revers», Les hele innlegget og si din mening.]

– Hadde det vore best å la konserten gå som planlagt slik situasjonen var, framfor ei avlysing på kort varsel?

– Det ville ikkje forundre meg om nokon i NLM meiner det. Eg vil tru at det er litt ulike vurderingar internt av dette. Sjølv synest eg det er vanskeleg å kommentere dette inngåande sidan avgjerda vart teken i Region øst. Eg vil gjerne kjenne saka betre. Vi får ein prat med regionleiaren tidleg i neste veke, seier Ottosen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter