Nyheter

Oppdikta student påstod tungetaletvang på bibelskule

Bibelskule må svare på anklagar frå student som ikkje finst.

* Blei tvinga til å tale i tunger

* Vart skulda for å ha djevelens ånd i seg

* Vart skulda for å drive med hekseri

* Snytt for skuletur

* Vart tvinga til å gå i kyrkja

* Vart tvinga til å plukke lauv

Skuldingane mot Oslo International Bible College (OIBC) frå studenten Shedsy Jhedsy er mange og varierte.

– Men vi har aldri hatt ein student som heiter dette, seier rektor ved skulen, Finn Henrik Larsen.

Likevel har Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) fått fleire klagebrev frå denne avsendaren. Hovudbrevet inneheld 20 spesifikke punkt, og etter at studentavisa Universitas plukka opp saka, har den versert i dei store riksmedia, for det meste med overskrifta «- Bibelstudenter tvunget til å tale i tunger».

– Leit. Rektor Finn Henrik Larsen synest det er leit at skulen har fått negativ omtale og meiner saka har blitt blåst opp. Han vedkjenn at brevet som vart sendt til NOKUT kjem frå bibelskulen hans, men kjenner seg ikkje igjen i dei fleste skuldingane.

– Punktet om at det er matlukt i eit av klasseromma frå kjøkkenet er døme på ei klage vi kan forstå, seier han.

– Kva med at elevar har blitt tvinga til å tale i tunger?

– Ein av lærarane våre har undervist om at tungetale er noko alle kan få. Kanskje kan ein student som ikkje taler i tunger ha oppfatta det slik at vedkommande må få det til. Men det er ikkje slik det har vore meint.

Har studentar fått høyre at dei har djevelens ånd i seg og at dei driv med hekseri?

- Dette er noko vi har tatt frykteleg alvorleg. Vi har prata mykje med studentane om korleis denne misforståinga har oppstått, og har ikkje høyrt noko meir om det. Det kan ha starta med at eit bibelvers om uvilje i undervisninga eller liknande kan ha blitt tatt personleg av ein student.

Godtok falskt namn. Ved NOKUT seier assisterande avdelingsdirektør, Bjørn R. Stensby, at dei var klar over at klagen hadde falskt namn.

– Vi oppfatta namnet som eit alias, seier Stensby.

Dei tok likevel klagebrevet alvorleg sidan det hadde underskrifter frå halvparten av studentane ved bibelskulen. For å sjekke at dette var reelle personar, søkte dei opp ti av namna på Facebook.

– Umedviten underskrift. Rektor ved bibelskulen, Finn Henrik Friis Larsen, trur at dei aller fleste skreiv under utan å kjenne til innhaldet i brevet.

– Det var ein del misnøye med at det ikkje vart noko av ein skuletur som studentane meinte dei var lova. Ei klage på dette kan mange ha villa skrive under på, men så vart det kanskje lagt til mange ting som dei ikkje var klar over.

Vårt Land har også snakka med den dåverande tillitsvalde studenten ved bibelskulen. Han vil ikkje kommentere saka utover at han oppfattar klagen som fiktiv.

Frist. Saka er no hos Kunnskapsdepartementet som har kravd ein rapport frå Oslo International Bible College, som drives av Regnbuen Kristne Fellesskap på Lørenskog. Rektor Finn Henrik Friis Larsen, som også pastor i kyrkjelyden, seier bibelskulen vil levere rapporten 1. september, som er fristen frå departementet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter