Nyheter

Nye tilsette kjenner vekta av tung kyrkjereform

Trusopplærarar kjenner seg åleine i arbeidet.

«Jeg har hovedansvaret for å følge opp hele trosopplæringsplanen, de røde trådene, revideringen av den, kontakten med bispekontoret, rapporteringen, det overordnede ansvaret for dereformaiske linjene. Alt det der kontakten, rapporteringen til menighetsrådet når vi hadde styringsgruppe, trosopplæringsutvalg, alt det har falt på MIN stilling», er eit av sitata frå ein overarbeida trusopplærar i rapporten.

Rapporten er laga av ei forskargruppe ved Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (KIFO). Forskar Pål Ketil Botvar viser til at å vere trusopplærar inneber eit stort ansvar som ein person kan bli sitjande åleine med.

– Her må kyrkjelydane finne ein god måte å samarbeide på utan at folk blir utsliten. Vi får stadig høyre at trusopplærarar synes det veldig tøft i periodar, seier han.

– Fleire positive effektar

Trusopplæringsreforma er den største reforma som har kome i Den norske kyrkja sidan årtusenskiftet og blir i år finansiert med om lag 315 millionar kroner over statsbudsjettet.

Botvar understrekar at undersøkinga også peikar på positive effektar ved trusopplæringa.

• 65 prosent av trusopplærarane meiner reforma har bidrege til nye og betre arbeidsmåtar også i andre deler av kyrkjelyden. 17 prosent er ueinige.

• 42 prosent meiner det er blitt meir samarbeid med andre kyrkjelydar enn før. 3 prosent seier at det er mindre samarbeid enn før.

LES MER: Når folkekirken våkner

– Vi har nok frå før

Runar Godø er leiar i Kirkelig Undervisningsforbund. Forbundet har medlemmar som berre jobbar med trusopplæring, i tillegg til kateketar og kyrkjelydspedagogar.

– Eg trur mange som arbeider med trusopplæring kjenner seg åleine. Arbeidet i kyrkja blir lett prega av sektorar der prestane jobbar med sitt og kateketane med sitt, seier han.

– Må kateketar skjerpe seg og ta ein større ansvarsdel i trusopplæringa?

– Nei, kateketar hadde fullt opp før denne reforma kom. Dei har likevel teke ansvar i trusopplæringa, og det er urealistisk å forvente at dei skal ta meir ansvar.

– Er det urealistisk at mange personar skal ta stort ansvar i trusopplæringa?

– I tilfelle må noko anna bli prioritert vekk, men det er ikkje godt å seie kva.

LES MER OM TROSOPPLÆRING:  – Vi kan gå for langt:

– Må tigge om ressursar

Jo Edvardsen jobbar med trusopplæring og koordinering av dette i Fredrikstad prosti. Han understrekar at mange opplever glede i arbeidet, sidan dei deler det med både frivillige og tilsette.

– Men det er heilt rett at mange har kjensla av å vere åleine.

– Kvifor er det slik?

– Då reforma kom trur eg kantorar, prestar og andre allereie hadde meir enn nok å drive med. Når då nokon blei tilsett for å drive med trusopplæring, var det lett å tenke at «då treng eg ikkje ha dårleg samvit for det». Men det viser at vi har mangel på leiarskap der nokon seier at «dette må vi gjere mindre for å prioritere trusopplæring».

No før påske trur Edvardsen at mange trusopplærarar treng hjelp frå kyrkjemusikarar til arrangement med påskevandringa.

– Men er det kyrkjeverja eller prosten som skal be kyrkjemusikaren hjelpe? Dersom ikkje kan trusopplæraren føle at ein nærmast må tigge om hjelp.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Prestar tek del

Nestleiaren i Presteforeininga, Anna Grønvik, meiner at prestar tek sin del.

– Mitt inntrykk er at trusopplærar ikkje er einsame, men at også prestar er engasjert i dette, seier ho.

Ho trur årsaka til at fleire likevel kjenner det slik, kan vere at dei ofte har deltidsstillingar som gjer at ikkje har moglegheit til å ta like mykje del i stabsfellesskapet.

– På dei stadane prestane ikkje deltek i trusopplæringa, håpar eg dei vil vurdere det på nytt. Det er ein del av arbeidsoppgåvene deira å drive med trusopplæring, seier Grønvik.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter