Nyheter

Nonne arva bordell

Fekk sjokkerande gåve frå ukjent mor.

Den 55 år gamle nonna som bur i eit kloster utanfor Glasgow i Skottland opplevde å få ei heller uvanleg arv:

Eit velfungerande bordell i Steimark i Austerrike - med høg omsetjing.

Sjokk nummer to var at arven kom frå ei kvinne som viste seg å vere mor hennar, melder Aftonbladet.se.

Selde. Nonna tykkjer lite om arven. Ho vil selje bygget som husar bordellet og sende pengane til hjelpeprosjekt i India.

Soga bak er denne: Nonnas biologiske mor var sirkusartist som ung. Under ein stopp i Skottland blei ho gravid, og rett etter fødselen blei barnet adoptert bort til ein kristeleg barneheim. Barnet vaks opp og blei nonne.

Rik. Så brått ein dag får ho melding om at hennar biologiske mor er død, 75 år gammal, i Austerrike.

Fordi mora, som hadde blitt rik på bordelldrift, døydde einsleg og barnlaus, fekk ein etterforskar oppdraget med å spore eventuelle arvingar. Via barneheimen i Skottland fann han nonna i Glasgow.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter