Nyheter

Misjonssambandet slepp dansen fri på ungdomsstemne

Hip-hop-instruktør har fått frie tøylar på Ung Landsmøte.

– Eg er veldig glad for at Ung Landsmøte opnar for danseaktivitet. No håpar eg at dans kan bli meir sentralt i arrangementet framover, jublar danseinstruktør Valentina Reyes Stakkeland (21).

Ho fortel at Ung Landsmøte (UL), sommartreffet for ungdom i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og Indremisjonsforbundet (ImF), heller ikkje har satt eit krav om sømeleg dans.

– Det blir som alle andre hip-hop-workshop eg har instruert i. Eg har fått frie tøylar, seier instruktøren.

– Er deltakarane på UL interessert i dans?

– Det veit eg ikkje, men eg håpar dei kastar seg på. Det er generelt mange som har eit dårleg inntrykk av dans, men det er ikkje ein dårleg ting. Dans gir mykje glede og sjølvtillit, og det er noko kristne må nytte seg meir av, seier dansaren.

– Udramatisk. Prosjektleiar i UL, Gjermund Nordhus, seier at lanseringa av danseaktiviteteten er udramatisk.

– Dette kunne skjedd på UL for ti år sidan også. Vi må tilbake til 1990-talet for at dette var kontroversielt, seier han.

Han seier at aktiviteteten ikkje er noko styret har måtte diskutere grundig for å ta med.

– Deltakarane skal ikkje få opplæring i klinedans, for å seie det slik.

– Men på hip-hop-musikkvideoar kan dansen vere veldig sexfiksert?

– Det kan den, men denne utgåva blir ikkje slik. Her blir dans satt opp som eit alternativ for dei som likar dans betre enn fotball, sandvolleyball eller andre idrettsaktivitetar.

Glad. Tore Askildsen, som no er ordførar i Mandal, var landsungdomssekretær i NLM frå 1987 til 1997. Han gir tommelen opp for frisleppet.

– Vi kunne ikkje hatt dans i mi tid. Heldigvis har det skjedd ei utvikling. Det er kjempebra at UL går i front på dette og brukar nye virkemiddel for å spreie evangeliet og gjere arrangementa sine tidsriktig, seier Askildsen.

VIDEO: I 2011 danset alle på UL: «Jeg kan ikke huske sist gang jeg så slik stemning her», sa Gjermund Nordhus den gang

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter