Nyheter

Misjonslegende fekk ureglementert applaus

Med valdelege indianarhistorier frå Amazonas tende misjonæren Bruce Olson gløden blant unge konferansedeltakarar.

STAVANGER (Vårt Land): – I kveld klappar vi ikkje etter dei forskjellige innslaga.

Det var beskjeden frå talarstolen i Sankt Svithun kyrkje i Stavanger. Gudstenesta torsdag kveld markerte starten på misjonskonferansen Agenda:ut, og det store trekkplasteret misjonær Bruce Olson (73) var tildelt taletid.

Etter at forsamlinga på om lag 150 personar hadde fått høyre historier frå misjonærtida til 73-åringen, braut likevel applausen ut. Fleire blant dei unge deltakarane stilte seg opp for å takke misjonæren etter gudstenesta.

- Det var veldig interessant, rosa to gutar frå bibelskulen Substans i Bergen.

- For fleire år sidan møtte eg deg og las boka di. Eg vart så inspirert at eg byrja å arbeide med misjon, seier Oddleiv Sandtorp (29), som no jobbar i misjonsorganisasjonen Jesus Revolution.

LES OGSÅ: Torsdag kveld fra Økumenia

Pil og boge

Bruce Olson fortalte om korleis han reiste frå foreldra sine etter vidaregåande skule for å drive misjon blant urfolk i Sør-Amerika. Han kom til Venezuela utan konkrete planar og med lite pengar, men reiste etter kvart ut i jungelen, der han møtte venlegsinna indianarar.

Det var likevel det berykta molitonfolket han ønska å nå med evangeliet om Jesus. Det første møtet med dei enda med at han blei skoten med pil og boge i foten.

- Det stod seks indianarar over meg med spente bogar. Eg bad om eit mirakel, men ikkje noko skjedde. Men så fekk eg fred om at eg var på rett plass til rett tid, fortalte Olson medan han vart intervjua av Vårt Land-redaktør Trygve W. Jordheim.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Blei kristne

Så snart Olson var friskmeldt, reiste han tilbake, men med ein meir tilbakehalden framgangsmåte. Etter to månadar oppnådde han igjen kontakt, men han fekk eit varsel om at indianarane ville drepe han. I boka Med livet som innsats skriv Olson at han då ville flykte for livet. Men på gudstenesta forklarte han situasjonen slik:

- Sjølv om eg kunne gitt meg, så hadde eg ein driv inni meg som sa at eg var på rett plass.

Han oppnådde å bli kontakt med molitonfolket. Den dag i dag bur misjonæren der og har stått i spissen for ein rekke prosjekt, som utvikling av skriftsspråk, bibelomsetning, bygging av skular og etablering av moderne helsestell. Molitonindianarane er i dag eit kristent folk og jobbar med å nå inn til andre indianarstammar med evangeliet.

LES OGSÅ: Misjonskonferanse trudde på 1.000 deltakarar - har fått 200 påmelde

Åt makk

Olson fekk spørsmål om korleis erfaringane hans frå ein indianarkultur langt vekke kan vere relevant for kristne i Norge.

- Ei dame sa til meg at ho aldri kunne ete makk slik som eg gjer heime i jungelen. Då svarte eg: «Det er kjempebra og det er truleg difor du bur i Norge. I Norge hadde eg aldri overlevd». Alle som søker å finne Guds vilje med livet sitt vil finne det, svarte han.

Inspirert

Oddrun Agnethe Bulæg (34) og Erlend Seglem (25) var to av dei begeistra i salen.

- Eg har lese boka hans. Det har inspirert meg til å bli meir lik Bruce Olson. Måten han har vore lydig i sitt kall inspirerer meg i arbeidet som stab på bibelskulen eg arbeider på, roser Seglem som er med i Ungdom i Oppdrag.

- Eg syntes spesielt at svaret Olson ga på å ete makk var bra. Gud kallar ikkje nødvendigvis folk i Norge til å ete makk, men han vil utruste kvar enkelt til å gå den vegen som han kallar dei, seier Oddrun Agnethe Bulæg.

LES OGSÅ: «Misjon handler om vitnesbyrd og rettferdighet»

Maskulin eventyrlyst

- Olson seier at han lytta til Guds vegleiing og stemme, men kan ikkje dette resultere i mange rare påfunn og skadande handlingar mot andre?

- Når Gud snakkar så vil det alltid vere i samsvar med Bibelen. Derfor kan ein sjekke om det du trur Gud kallar deg til faktisk er det, seier Seglem.

Han trur dessutan at slike misjonærhistorier er viktig for menn.

- Kyrkjearbeid kan ofte virke litt feminint for menn, men dette kan få fram eventyrlyst som mange av oss likar å kjenner på, seier Seglem.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter