Nyheter

Leverer regelstridige lister til kyrkjevalet

Møre bispedøme har ingen kandidatar under 30 år på si nominasjonsliste til kyrkjevalet. – I strid med regelverket, seier Kyrkjerådet.

– Trist, seier ungdomsleiar Frøydis Indgjerdingen i Den norske kyrkja.

– Sjokkerande, skriv Therese Utgård i Åpen folkekirke i Møre om den førebelse lista til haustens kyrkjeval.

Ingen unge

To av dei elleve bispedøma oppfyller ikkje kravet om unge kandidatar til haustens kyrkjeval. I valet til Kyrkjemøtet, som fungerer som Den norske kyrkja sitt «storting», skal det blant anna vere 77 representantar som ikkje tilhøyrer presteskapet eller er ansatte i kyrkja.

Regelverket krev at listene med lekfolk skal ha minst 20 prosent personar som er under 30 år. Likevel har Møre bispedømme ingen under 30 år på si liste. Heller ikkje Tunsberg bispedømme oppfyller kravet med sine høvesvis 16,7 prosent unge kandidatar.

– Det er trist at det har blitt slik. Eg synes det er sørgjelig at ein ikkje følgjer opp vedtaket om minst 20 prosent unge kandidatar, seier Frøydis Indgjerdingen som er leiar for Utval for ungdomsspørsmål i Den norske kyrkja.

Ho stiller spørsmål om nominasjonskomiteen har arbeidd hardt nok.

– Bør valrådet og kyrkjerådet godta ei slik liste?

– Eg synes det er merkeleg at ei liste med null kandidatar under 30 kan bli godteke. Når kravet er at 20 prosent skal vere under 30 år, bør lista ikkje bli godteken.

LES OGSÅ: Slik vil de vinne kirkevalget

Tek ikkje gjenval

Målfrid Jakobsen (25) er ein av Møre sine unge representantar på Kyrkjemøtet, men vil ikkje ta gjenval sidan ho no bur i Oslo på grunn av studier. Dersom ho skulle stilt igjen måtte ho ha flytta tilbake til Møre, noko som ikkje passar med livssituasjonen.

– At mange ungdommar flyttar ut frå Møre i studietida, utfordrar lokalkyrkjenes kontakt med unge mellom 18 og 30 år, seier ho.

Per Knut Bersås er leiar for nominasjonskomiteen og er open om at lista slår uheldig ut.

– Vi er opptekne av at det er uheldig med ingen kandidatar under 30, men vi har ikkje klart å skaffe unge folk, seier Per Knut Bersås.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Måtte halde tidsfrist

Han fortel at komiteen først hadde ein kandidat under 30 år, men at personen trakk seg. Komiteen bad då bispedømmekontoret og dei enkelte kyrkjelydane om å foreslå unge kandidatar. Det ga ikkje resultat. Då tok komiteen kontakt sjølv med personar som kanskje kunne foreslå unge kandidatar, men heller ikkje det ga resultat.

– For å halde tidsfristen måtte vi berre orientere bispedømmekontoret og valrådet om at vi mangla unge kandidatar og levere lista.

– Åpen folkekirke i Møre seier i ei pressemelding at dei er «sjokkert» og «stiller seg svært undrende» til at lista manglar unge kandidatar?

– Eg har ingen kommentarar til det. Dei får kome med dei kommentarane som dei ser seg tent med. Valrådet får vurdere dette og så kjem vi sikker til å halde ein dialog på dette, svarer Per Knut Bersås.

– Prøv igjen

Kyrkjerådet oppfordrar no Møre bispedømmeråd om å rette opp forholdet.

– Vi har stor forståing for at dette er ein krevjande situasjon og det kan hende at nominasjonskomiteen ikkje vil klare å lukkast, skriv avdelingsdirektør Ole Inge Bekkelund i Kyrkjerådet i ein e-post til Vårt Land.

– Vi foreslår også at valrådet i et slikt tilfelle ber nominasjonskomiteen innan en frist, til dømes 1. april, om å søke å rette opp forholdet, skriv han vidare.

Rådgjervar Andreas Henriksen Aarflot i Kyrkjerådet er klar på at lista ikkje følgjer regelverket.

– Dersom nokon klagar på lista, kva blir konsekvensen?

– Ved ein eventuell klage måtte vi ha gjort ei heilheitleg skjønsvurdering av den. Utfallet kan eg ikkje seie noko om på føre hand.

– Kan bli omval

Aarflot skriv i ein e-post til Møre bispedømmeråd at klare brot på regelverket vil gjere det nødvendig å vurdere behovet for omval.

– Dersom denne lista blir gjeldande i kyrkjevalet: Betyr det at konsekvensen kan bli eit heilt nytt val dersom nokon klagar?

– Regelverket opnar for det, men denne heimelen har aldri blitt nytta. Men skulle valet bli gjennomført med brot på regelverket, så måtte vi vurdert det dersom nokon skulle klage, seier Aarflot.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter