Religion

Lærarbråk etter gudsteneste-nei

Berre 1,4 prosent av lokallaga uttalte seg før Utdanningsforbundet gjekk inn for å skrote skulegudstenesta. Fleire har meldt seg ut i protest.

Utdanningsforbundet vedtok førre månad at skulegudstenestene er diskriminerande. Standpunktet vart teke før forbundet leverte sitt høyringssvar til den såkalla Stålsett-rapporten, som tek for seg heile trus- og livssynsfeltet. Men i forbundet si interne høyring var det berre 6 av 426 lokallag som svarte, skriv medlemsbladet Utdanning.

– Denne fråsegna er svært lite forankra hos medlemmane i organisasjonen. No vurderer eg å melde meg ut av Utdanningsforbundet, seier Anne-Gunn Steen Røse til Vårt Land.

Ho er lærar på ein grunnskule i Ski kommune i Akershus og har ikkje sett noko til høyringa. I tillegg til at ho ikkje har fått sagt si meining i saka, meiner ho problematikken rundt gudstenesteordinga er konstruert.

– Skulen her eg arbeider er fleirkulturell. Likevel vel det store fleirtalet vel å sende barna sine på skulegudstenesta, uavhengig av livssyn og religion, sjølv om vi har eit alternativ dei kan delta på. Å fjerne gudstenesta ville faktisk vore å diskriminere mot majoriteten av elevane, seier ho.

LES OGSÅ:Barneombodet får hard kritikk etter skulegudsteneste-utspel

– Eit Oslo-fenomen. Fungerande leiar i Utdanningsforbundet Vest-Agder også fått med seg at berre 6 av 426 lokallag, og dermed berre 3 av 19 fylkeslag, svarte på høyringa.

– Eg trur det kan skuldast at mange meiner forbundet ikkje skal ta stilling til dette spørsmålet, seier Svein Ove Olsen.

Han legg til at skulegudstenesta ikkje er eit kontroversielt innslag i skulen i Vest-Agder.

– Det er heller ikkje bruk av kors eller av hijab blant elevar. For oss blir dette eit Oslo-fenomen som folk her ikkje forstår seg på, seier han.

Han fortel at dei har fått nokre utmeldingar som er delvis grunngjeve i gudsteneste-utspelet. Medlemsbladet Utdanning melder at minst fem personar har meldt seg ut på grunn av denne saka.

LES OGSÅ: Krev forkynning og kyrkjegang heilt ut av skulen

Synd med utmeldingar. 2. nestleiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, seier sentralstyremedlemmene visste kor mange fylkeslag og lokallag som hadde svart på den interne høyringa då dei røysta over saka.

– Når vi seier oss einig i mindretalet i Stålsett-utvalet om at gudstenesta er diskriminerande, baserar det seg på tilbakemeldingane vi har fått frå våre medlemmer.

– Feire meiner at standpunktet ikkje er forankra hos medlemmane i organisasjonen og peker på at få svarte på høyringa?

– Høyringa vår vart gjennomført på vanleg, demokratisk vis. Eg har respekt for at det er ulike syn, og meiner det er synd med dei som melder seg ut.

– Feil involvering. Både Steen Røse og Olsen meiner at forbundet ikkje burde leggje seg borti spørsmål som gudstenester i skulen.

– Burde de halde dykk til å kjempe for gode løns- og arbeidsvilkår?

– Vi jobbar med det, men i tillegg er vi ein profesjonsorganisasjon og ein viktig samfunssaktør. Det har vi allereie lang tradisjon for, seier Handal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion