Nyheter

Lekkasje i prestebustaden – endeleg!

Prestedottera Oda Bertine Bondevik Lie (7) måtte slå opp paraplyen inne. – Eg vart nesten glad, seier mora.

– Eg stod på kjøken og høyrde vatnet rann ned inne i gongen, fortel Beate Bondevik Lie, som er gift med prest Vegard Bondevik Lie.

I den gamle prestebustaden deira på Hafslo i Sogn måtte dei fredag kveld opp med paraply for å halde seg tørre.

Men prestekona vart ikkje akkurat bekymra for lyden av vatn som fossa ned gjennom taket.

– Eg vart nesten glad. Eg tenkte at no må dei gjere noko, seier ho.

LES OGSÅ: Bli prest - få hus til fem millioner

Iskaldt. Trebarnsfamilien har sidan dei flytta til Hafslo for fire år sidan budd i prestebustaden frå 1800-talet. Om vintrane har bustaden vore så kald at det ikkje har vore mogeleg å få opp varmen i huset.

– Vi har brukt vanvittig mykje straum. Likevel har det vore kaldt. Det er problematisk når ein har små born. Eg har lurt på om vi måtte flytte heim til foreldra mine, seier Bondevik Lie, som har tre born på 2, 4 og 7 år.

LES OGSÅ: – Kan ikke kutte presteboliger

Manglar 256 millionar. Over heile landet er manglande vedlikehald på prestebustader eit stort problem. Opplysningsvesenets Fond (OVF) anslo at det i fjor var 256 millionar kroner i etterslep på vedlikehald for dei 436 prestebustadane deira. I 2006 vart etterslepet berekna til 286 millionar kroner.

På Hafslo var det denne gongen badevatn frå badet i etasjen over som tok feil veg gjennom øydelagde røyr.

LES OGSÅ: Biskop vil rive gammel prestebolig

Raskare enn politiet. Bondevik Lie ringte prestegardsinspektør Hildur Kuld i OVF.

– Eg blei så imponert. Ho hadde kortare responstid enn politiet, fortel Bondevik Lie.

Kuld har ansvar for eit stort område, men bur på Hafslo.

– Eg prøver å kome fort. Vi er pålagt å rykkje ut, seier Kuld.

No går det mot ein tørr og varm vinter for prestefamilien i Sogn. Fredag kveld skaffa Kuld godkjenning frå bispedømekontoret i Bergen. Laurdag skal dei på visning i hus på Hafslo som kan bli ny permanent prestebustad.

– Det ser eg veldig lyst på. Eg ser veldig fram til å ikkje fryse, seier Beate Bondevik Lie.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter