Nyheter

Kyrkje + skule = framleis sant

Men rektor sit med makta.

Den norske kyrkja har framleis utstrekt samarbeid med skulen. Dette kjem fram i ein rapport frå Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO).

For fem år sidan markerte Kunnskapsdepartementet at det skal vere eit tydeleg skilje mellom skule og kyrkje. Ny evalueringsforsking frå stiftinga Kirkeforskning (KIFO) tyder på at kyrkjelydane framleis samarbeider med skulen. Mange gjer det også innanfor ramma av trusopplæring.

Endring. Ei spørjeundersøking er gjort mellom 231 tilsette i trusopplæringa.

– Undersøkinga viser at det framleis er mykje samarbeid både med skule, barnehage og andre offentlege institusjonar. Men dette har endra karakter og omfang, konkluderer forskarane Kåre Fuglseth og Elisabet Haakedal.

37 prosent svarer stadfestande på at «det hender at vi samarbeider med skolen om gjennomføring av trosopplæringstiltak», mens over halvparten av dei spurde seier dei samarbeider med skulen, «men ikke om trosopplæringstiltak».

Forskarane understrekar at «trusopplæring» kan vere eit tvedig omgrep:

– Det ein skule oppfattar som trusopplæring, kan verte oppfatta som ikkje trusopplæring ein annan stad.

Utryggleik. Undersøkinga er gjort i heile landet, og svara røper at det er store skilnader når det gjeld kyrkjelydane sin tryggleik i møte med kyrkje/skule-relasjonen. I Oslo bispedøme seier halvparten av dei spurde at det er vanskeleg å finne ut korleis dei skal forhalde seg til skulen i trusopplæringssamanheng. Tilsvarande prosent er 16 i Nord-Hålogaland og 19 i Nidaros.

Forskarane meiner den fleirkulturelle konteksten i Oslo er forklaringa på denne utryggleiken.

Rektormakt. Forskarane slår fast at den einskilde rektor har stor makt over samarbeidet med kyrkja.

– Det ser ut til at ein rekor kan blokkere eller opne for samarbeid, konkluderer Fuglseth og Haakedal i sin rapport «Samarbeid på tvers».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter