Nyheter

Kvifor vil ingen bli prest her?

Vålerenga fekk 23 søkarar. Gulen fekk ingen. Investor Ola Braanaas og prost Geir Sørebø forstår ikkje kvifor.

– Er det ingen søkjarar, altså? Fiskeoppdrettar og investor Ola Braanaas i den gamle handelsstanden Skjerjehamn ser bekymra på prost Geir Sørebø i Ytre Sogn prosti.

Bak investoren ruver den utskjelte kongestatuen av Olav V som Oslo kommune ikkje ville ha, men som investoren la to millionar kroner på bordet for å kjøpe til havgapet i Gulen.

Framfor statuen har han fått biskopens velsigning til å gjere ruinane av ein gamal fjøs om til vigselstad for brurepar. No står dei i kø for å gifte seg her for eit par år framover. Men til nyttår er kystkommunen i Sogn og Fjordane utan prest.

HVORFOR  ER DET SÅ VANSKELIG Å SKAFFE PRESTER I DSTRIKTENE? DISKUTER PÅ VERDIDEBATT

«Katastrofe». – Det er jo ei katastrofe, seier Braanaas om at sokneprest Jens Linde i Gulen forlet kommunen etter ni år.

– Jens har bidrege med mykje. Han er så positiv og folkeleg og har hatt utegudsteneste under festivalen her, seier Braanaas om den årlege Utkantfestivalen.

23-0. Prost Geir Sørebø i Ytre Sogn sat med tom søkjarliste til den ledige stillinga i Gulen medan den ledige soknepreststillinga etter Einar Gelius i Vålerenga menighet i Oslo fekk 23 søkjarar. «Vålerenga – Gulen 23 – 0» skreiv Sørebø i eit lesarinnlegg i Vårt Land der han undra seg over at ingen ville søkje til Gulen, kommunen der kristenretten har opphavet sitt gjennom Gulatinget. Dei har tusenårsstaden i Sogn og Fjordane, ny prestebustad, ei levande folkekyrkje og eit samarbeidsviljug bedehusfolk. «Kva er det som gjer at Vålerenga scorar, men ikkje Gulen?» spurde prosten.

Vårt Land drog til kystkommunen ved innseglinga til Sognefjorden for å sjå kva som ventar ein prest her. Vi ennå i Skjerjehamn, den gamle handelsstaden der dei gamle husa er pussa opp og kongen har innteke haugen. No står turistbussen og utanlandske bilar parkerte her. Havet bølgjer forsiktig i dag og viser fram den lyse sandbotnen innerst ved brygga.

– Heilt uforståeleg, seier Braanaas om den knusande sigeren til Vålerenga over Gulen.

– Kva skal dei på Vålerenga? Men det er klart, det er vanskeleg å rekruttere her til distrikta.

Natur. – Kva har Gulen å tilby ein prest?

– For dei som er glade i natur, og særskilt i sjø, er kommunen fantastisk. Her er fiske og friluftslivsliv utruleg bra.

Braanaas ruslar på grusvegen mot den nygamle butikken på kaien. Det er stilt på sjøen i dag.

– Tenk så fattig ein blir viss ein bur i Oslo heile livet. Ein må smake på litt av kvart. Det er jo ikkje eit val ein tek for livet om ein flyttar hit, seier den brunbarka gründeren som sjølv er oppvaksen på Hamar og i Bergen.

Les mer i torsdagsavisen. Den kan du kjøpe i PDF her.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter