Nyheter

– KrF er det nye Venstre

Valforskar meinar KrF har overtatt for Venstre som motkulturparti. – Det har vi alltid vore, svarer Dagrun Eriksen.

– Det har opphavleg vore Venstre som har tatt på seg rolla som forsvarar for motkulturar. No har KrF tatt over, seier valforskar Bernt Aardal.

LES SAKA: Kyrkja er på parti med dei minste

Feil veg

Nestleiar i KrF, Dagrun Eriksen, meiner derimot at KrF har vore eit motkultur-parti heilt frå starten av.

– Historia til partiet ber preg av å ta stilling til trendar vi meiner går i feil retning. Avhaldsrørsla, nynorsk, og distrikt kontra sentralisering, for å nemne noko, seier ho.

LES KOMMENTAREN: Mer målbart blir det ikke

Meir bevisst på ideologien

Vårt Land har sett på fråsegnene frå Bispemøtet, Kyrkjerådet og Mellomkyrkjeleg råd frå 2011 og fram til i dag. Det er berre KrF som er konsekvent einige med kyrkja.

Sjølv om Eriksen ikkje er heilt samd i at KrF har tatt over Venstre si rolle, ser ho likevel at KrF no har ei breiare tilnærming enn tidlegare.

– Vi har jobba mykje med den kristendemokratiske ideologien, og vi er mykje meir bevisst på den no enn før. Vi har kanskje blitt tydelegare dei siste åra, seier ho.

– Før var KrF nøgde om dei fekk gjennom ti nye prestestillingar. Situasjonen er ein ganske annan i dag. No ser vi på samfunnet som heilskap.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter