Nyheter

Krev full retrett av Presteforeininga etter homo-standpunkt

Egil Morland var toppleiar i Presteforeininga på 90-talet. No har han meldt seg ut, og ber sentralstyret gjere retrett.

«Eg oppmodar PF til å samla sentralstyret med ein gong. Det er berre full retrett som kan aksepterast», skriv Morland i sitt utmeldingsbrev til Presteforeininga (PF).

Motbør. Sentralstyret i fagforeininga som organiserer det store fleirtalet av prestar i Den norske kyrkja, har møtt kraftig motbør frå mange av medlemmane sine.

– Bispemøtet har teke føre seg ei læremessig avklaring som inneber at kyrkja anerkjenner homofilt samliv. Den naturlige slutninga av det er å opne for at likekjønna par kan bli via i kyrkja, har Presteforeininga sin leiar, Gunnar Mindestrømmen, sagt på vegne av sentralstyret.

Vårt Land har skrive om at blant anna to tidlegare PF-formenn og tre pensjonerte biskopar har meldt seg ut i protest mot dette utspelet.

No slår ein av dei siste tiårs mest toneangivande leiarar i Presteforeininga, Egil Morland, følgje med dei. Morland var med i sentralstyret i Presteforeininga i ti år frå 1988. Han var nestleiar i to år og leiar i fem år.

Til å gråta over. «PF kneset (elles) eit teologisk prinsipp som er til å gråta over. Det har aldri vore PF-policy, mellom anna fordi det er eit brot på luthersk lære, å visa til eit splitta bispemøte (eller bispemøte i det heile!) som grunngjeving for eige standpunkt», skriver Morland i brevet til Presteforeininga.

Morland er no førstelektor ved NLA Høgskolen i Bergen, og medlem i Kyrkjerådet og arbeidsutvalet i rådet.

Angrep. «No sitt eg i Kyrkjerådet og drøftar denne vanskelege saka. Eg kan ikkje med min beste vilje tolka vedtaket i Presteforeininga annleis enn som eit direkte angrep på det eg står for der», skriv Morland.

Han meiner «full retrett» frå sentralstyret er det einaste som no kan bli akseptert.

Les mer om mer disse temaene:

Jan Arild Holbek

Jan Arild Holbek

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter