Kreftfri biskop lovar meir ubehag for styresmaktene
– Kyrkja har som oppgåve å auka ubehaget hos dei som styrer, seier biskop Halvor Nordhaug.
Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug fekk kreftdiagnose i haust, men er no friskmeldt.
Marit Hommedal/NTB scanpix
– Eg opplevde at uansett kva som skjer, er eg i Guds hender og ingenting kan riva meg ut av dei. Det er kanskje forventa at ein biskop skal seia dette, men det opplevde eg verkeleg. Eg hadde ein større ro enn eg hadde trudd på førehand, seier biskopen i vest til Bjørgvin bispedømes nettside.
Her fortel Nordhaug om kva kreftsvulstengjorde med han – og om den store gleda då han for nokre veker sidan fekk meldinga om at det ikkje var spreiing av kreftviruset og at han kan rekne seg som frisk.
Det uviktige