Nyheter

– Kjenner oss ført bak lyset

Møre bispedømeråd forklarer kvifor dei likevel suspenderer prest som var frifunnen i valdssak.

– Det vi sit att med er at han har vorte tilsett på feil premissar, seier leiar for Møre bispedømeråd, Modulf Aukan.

Etter ein episode i april i fjor vart presten frå Nordvestlandet sikta og seinare tiltalt for vald mot kona. 4. februar vart han frifunnen for dette forholdet. Han vart derimot dømd for ulovleg bilkøyring.

– I stillingsutlysinga stod det klart og tydeleg at søkjaren måtte ha gyldig førarkort. Vi kjenner oss ført bak lyset, seier Aukan, som har valt å suspendere presten.

LES MEIR: Prest frifunnet for vold - suspendert av kirken

Treng tid

Suspensasjonen gjeld frå 14. februar. No treng bispedømerådet tid, ifølgje Aukan.

– Vi må bringe alt i saka på det reine, og sjekke ut om det er grunnlag for oppseiing. Då er suspensasjon det verkemiddelet vi har, seier han.

Kor lang tid kjem de til å bruke på det, trur du?

– Det er umogleg å seie no.

LES OGSÅ: Prest frifunnet for vold mot kona

– Vanskeleg å halde fram i jobben

Men det at presten var sikta for vald har ingenting med suspensasjonen å gjere?

– Det hadde det før det var klart at han vart frifunnen, seier Aukan, og legg til:

– Men vi forstår alle at det vil vere vanskeleg å halde fram i teneste etter ei sånn hending, sjølv om han vart frifunnen. Det vil også vere vanskeleg å gjere jobben utan å køyre bil, fordi det er store avstandar i kommunen.

Har de vore borti liknande saker før?

– Nei, det har vi ikkje, seier Aukan.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Falskt grunnlag

Ifølgje advokaten til presten, John Hammervoll, kom det fram gjennom vitneforklaringar i retten at den tiltalte var meldt til politiet på falskt grunnlag.

– Eg har tidlegare sagt at vi var overraska over at tiltalen mot vår klient ikkje vart oppheva, sa Hammervoll til Sunnmørsposten fredag.

Presten vart dømd til å betale 10.000 kroner i bot for å køyre utan gyldig førarkort.

– Dette er eit forhold politiet ikkje visste om, som min klient har fortalt om, og sjølvsagt skulle han få ei bot for det. Vi var også einige med aktor om storleiken på bota, seier advokat Hammervoll til Sunnmørsposten.

Presten mista førarkortet sitt i 2004 på grunn av promillekøyring, men forklarte i retten at han likevel ofte køyrde bil i nærmiljøet. I 2013 vart han stoppa av politiet.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter