Nyheter

Katolikkar håvar inn pengar

Medlemsboom gjer trussamfunnet til ein vinnar i statsbudsjettet.

Medan representantar frå Den norske kyrkja rukkar på nasen over det dei kallar låge tilskot frå stat og kommune, tener Den katolske kyrkja gode pengar på overføringane som Den norske kyrkja er misnøgd med.

Ekstra millionar. Sidan Den norske kyrkja skal gjennom­føre val til neste år, får den såkalla folkekyrkja 76 millionar kroner ekstra. Det fører til rekord­utbetaling for katolikkane. ­Sidan trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja skal bli behandla likt som folkekyrkja, aukar støtta til desse med 18 prosent.

Den katolske kyrkja får dermed rundt 10,9 millionar kronar ekstra i 2015 samanlikna med 2014.

Det vanlege statstilskotet vil bli på omtrent 59,5 millionar.

I tillegg kjem kommunale tilskot som grovt rekna blir 60 millionar.

Totalt blir potten på over 130 millionar kroner.

Ubetalte rekningar. – Sjølv om tilskota veks, er vi på økonomisk etterskot heile tida, sidan svært mange brukar kyrkja vår, seier Thuan Cong Pham som er økonomisjef i Oslo katolske bispedømme.

Han har fleire rekningar som ventar på å bli betalt.

– Vi er skrapa for midlar no, men kommunaltilskotet kjem ikkje før i slutten av oktober. Det er vanskeleg å drive når tilskotspengane kjem heilt i slutten av året. Resultatet er at vi har manko på pengar to tredelar­ av året. Det er rett og slett ei forbanning, den måten dette fungerer på, seier økonomen.

– Enklare før. Han meiner det var enklare å styre økonomien før. Då kunne kyrkja ta av eigne sparepengar i påvente av midlane frå stat og kommune.

– Kvifor har de ikkje spare­pengar no når tilskota veks?

– Når skal vi spare pengar? Utgiftene er så store at vi ikkje kan spare.

– Når de i år får nesten 100 millionar og til neste år truleg over 130 millionar, burde det vere nok til å fordele ut over året?

– Det er enklare sagt enn gjort. Det er vel ingen som tvilar­ på at talet på menneska som brukar Den katolske kyrkja og tenestene vi tilbyr er mange fleire enn dei som har registrert seg som medlemmar. Difor er utgiftene våre svært store i forhold til det vi får i tilskot.

Enorm vekst. Den katolske­ kyrkja i Norge er i stadig vekst. I år fekk kyrkja støtte for 120.435 godkjente medlemmar. I mai i år telte trussamfunnet over 150.000 medlemmar. Men sidan mange katolikkar, særleg innvandrarar, ikkje er korrekt registrerte, får ikkje kyrkja støtte­ for alle.

– Vi har kalkulert med ein vekst på 5 til 10 prosent i året. Det vil seie at til neste år vil vi ha rundt 132.500 godkjente registrerte medlemmar, seier Pham.

Kyrkja har sjølv berekna at det er opp mot 150.000 uregistrerte katolikkar i Norge, i tillegg til dei 150.000 medlemmane dei har bede om offentleg støtte for.

– Difor får vi berre tilskot for omtrent halvparten av dei vi betener, seier Pham.

Byggjer kyrkjer. – De får likevel stadig fleire millionar kroner. Kva moglegheiter skaper tilskota for dykk?

– Vi byggjer nye kyrkjer for å kunne ta imot alle medlemma, for eksempel no på Jessheim i Akershus. I Stavanger og Kristiansand har vi utvida kyrkjene. Vi planlegg også meir bygging.

– Ser de problematiske sider ved å bli så velfødd på statspengar?

– Nei. Vi fortener tilskotet på grunn av alle samfunnsoppgåvene vi utfører. Til dømes hjelper vi mange arbeidsinnvandrarar. Og skulle vi gjere samanlikningar på kulturfeltet, sidan pengane kjem frå Kulturdepartementet, kan vi sjå på kor mange­ fleire minutt underhaldning per brukar vi skaper enn kva til ­dømes operaen i Oslo gjer. Svaret vil nok overraske.

– Send pengane tilbake. Human-Etisk Forbund får 7 millionar meir frå staten til neste år, men stilte denne veka spørsmål om det er ei bærekraftig utvikling at staten betalar ut så store­ tilskot til trus- og livssynssamfunn.

– Dei kan jo berre sende pengane tilbake. Vi har i alle fall bruk for alt vi får, seier Thuan Cong Pham.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter