Nyheter

Kardinal: Ingen teologiske hinder for kvinnelege prestar

José da Cruz Policarpo i Lisboa seier at det er tradisjonen som hindrar dette.

José da Cruz Policarpo (75) er patriark i Lisboa i Portugal. Nyleg fekk han forlenga tenestetida med to år. Han har vore patriark i Lisboa sidan 1998. I eit intervju med OA, magasinet til den portugisiske advokatforeininga, seier han at kvinner vil bli prestar «når Gud vil», men at det i dag er best ikkje å reise spørsmålet.

Men han seier at det ikkje er «nokon fundamentale hinder» frå «eit teologisk perspektiv» for ei kvinne til å forrette messe frå altaret.

At kvinner ikkje er prestar er ein «tradisjon» frå Jesu tid, ifølgje kardinalen som er sitert av Vatican Insider.

Han seier at den katolske kyrkja sitt bastante nei til kvinnelege prestar er basert på at kyrkja held seg til evangelia, personen Jesus og ein lang tradisjon frå apostelen si tid.

Tidlegare pave Johannes Paul II sende i 1994 ut det apostoliske brevet Ordinatio Sacerdotalis der han stadfesta at den katolske kyrkja aldri ville opne for kvinnelege prestar.

– Eg trur, sa kardinalen i Lisboa, at spørsmålet ikkje kan løysast på den måten. Teologisk er det ingen fundamentale hinder (for kvinneleg presteteneste), lat oss seie at det er tradisjonen: Det er aldri blitt gjort på nokon annan måte.

– Det er fundamental likskap mellom alle medlemmar av kyrkja. Problemet er ein streng tradisjon som kjem frå Jesus og kor lett dei reformerte kyrkjene har gitt presteteneste til kvinner.

Pave Benedikt XVI fjerna tidlegare i vår biskop William Morris i bispedømmet Toowoomba i Australia fordi han hadde gjekk ut mot den katolske læra mot kvinnelege prestar. Biskopen hadde reist spørsmålet om kvinneleg presteteneste i eit pastoralt brev frå 2006. Han reiste spørsmålet om å ordinere kvinner i lys av prestemangelen.

Biskop Morris klaga til sine støttespelarar på at han vart fjerna av Vatikanet, melder avisa The Australian. Han skreiv at han gjekk frå embetet og vart pensjonist mot sin vilje og at han var nekta eit naturleg forsvar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter