Nyheter

Ingen lovbrot ved Kvitsund Gymnas

Utdanningsdirektoratet har granska skulen på grunn av undervisningshefte som sa at abort er mord. No går skulen fri.

Utdanningsdirektoratet slår fast i ein endeleg rapport at «skulen har endra praksis der denne viste seg ikkje å vere i samsvar med lovkrava».

– Eg er glad for at rapporten frå Utdanningsdirektoratet endeleg ligg føre. Vi har arbeidd mykje med dette og har fått på plass både betre styring og kontroll, seier rektor Torleif Belck-Olsen ved Kvitsund Gymnas i Telemark.

Omstridd undervisning. Utdanningsdirektoratet opna sist vinter tilsyn ved skulen etter at ein elev klaga til Fylkesmannen i Telemark. Eleven klaga på at eit heftet som vart nytta i kristendomsundervinsinga som sa at homofili skuldast ein skade og at abort er drap.

Direktoratet leverte først ein førebels tilsynsrapport. Der kritiserte dei Kvitsund på fleire område:

* Styret for skulen mangla rutinar for å skaffe informasjon om opplæringa i faga.

* Styret mangla også rutinar for å kvalitetssikre undervisninga i faga.

* Rektor hadde delegert oppgåver knytt til arbeidet med lærarplanar, utan at han hadde etablert rutinar for rapportering på utføringa av desse oppgåvene.

* Lærarane ved skulen utarbeidde dei lokale læreplanane, men innhaldet oppfylte etter direktoratet sitt syn ikkje alle krava som er sette til opplæring i faga.

Den vidaregåande skulen som ligg i Kviteseid i Telemark fekk frist til 17. juni med å svare før direktoratet ville konkludere endeleg om skulen braut lova.

Avsluttar tilsynet. No blir ikkje undervisningsheftet lenger nytta ved skulen og rutinane med å sikre undervisninga er forbetra. Direktoratet skriv difor i den endelege rapporten at «tilsynet avdekka ingen lovbrot på skolen, som kunne gje grunnlag for reaksjon etter privatskolelova. Tilsynet med Kvitsund Gymnas AS er med dette avslutta.»

– Vi er tilfredse med at vi har fått ein rein rapport som slår fast at vi no ikkje har forhold ved Kvitsund, som bryt med lover og forskrifter. No vil vi halde fram med arbeidet for å gjere Kvitsund til ein enno betre skule, seier ein glad rektor.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter