Nyheter

Held gudsteneste mot Røkke-selskap

Onsdag arrangerar 
tolv kyrkjer forbønnsgudsteneste i protest mot fiskeverksemder der Kjell Inge Røkke er medeigar. Konsernsjef reagerer på kyrkjas innblanding.

– Eg er ikkje sint på Røkke, men det han gjer er ikkje klokt. Det rokkar ved livet til for mange menneske, seier sokneprest i Måsøy utanfor Hammerfest, Laila Jåvold.

– Det er veldig overraskande at kyrkja engasjerer seg i denne saka, seier Olav Holst Dyrnes, konsernsjef i eit av dei to selskapa som aksjonen rettar seg mot.

– Røkke plyndrar. For litt over to veker sidan var Kystopprøret i hovudstaden for å protestere. Med plakatar og slagord framstilte dei Kjell Inge Røkke som ein plyndrar og sjørøvaren Jack Sparrow, kjent frå filmlerretet.

I Nord-Norge har det lenge vore retta misnøye mot korleis dei Røkke-kontrollerte selskapa Norway Seafoods og Havfisk forvaltar trålkvotene og fiske-mottaka.

– Røkke brukar fiskekvoten til å fylle si eiga lommebok. Berre 28 prosent av fisken blir ført i land for behandling og pakking, medan resten blir sendt til Kina, hevdar Trond Einar Olaussen, leiar i Kystaksjonen.

– Jack Sparrow er kjent for slagordet «Take what you can, give nothing back!»?

– Ja, det kunne vi heilt sikkert ha brukt.

– Ikkje politisk. No har opprørarane fått med seg kyrkja på laget. I dag arrangerer heile tolv kyrkjer i Hammerfest-området forbønnsgudstenester for saka deira. Det blir bønn, salmesong og appellar.

– Kystaksjonen er med og arrangerer gudstenestene, blant anna i Mehamn kyrkje, fortel sokneprest og initiativtakar til gudstenestene, Laila Jåvold.

Ho trur dessutan ideen ikkje berre var hennar.

– Eg sat stille og bad Gud om å tale til meg, og då hender det at det kjem tankar i hovudet. Eg trur ikkje dette var min ide. Sidan eg snakkar med Vårherre og ber han tale til meg, så trur eg det var frå Vårherre, fortel ho om korleis ho fekk ideen.

– Kor går grensa for kva saker kyrkja skal engasjere seg i?

– Dette er ikkje politisk. Eg er oppteken av at det som arrangerast i kyrkja skal vere så tverrpolitisk som mogleg for å nå flest mogleg.

– Gud er med. Olaussen skal halde appell i Mehamn kyrkje og er sikker på at Gud støttar saka deira.

– Eg trur Gud er på den gode sida. Denne aksjonen er berre godt meint. Vår sak er for fellesskapet og ikkje egoismen, og det trur eg er viktig for Gud.

Han hevdar saka betyr være eller ikkje være for dei som bur i det nordlege kystlandskapet.

– Mistar vi våre rettar for å hauste frå havet, då forsvinn arbeidsplassane våre, då forsvinn vi. Då forsvinn dessutan kyrkja også.

Olaussen er svært glad for at kyrkja støttar dei.

– Vi i Kystaksjonen er glad for at kyrkja tek dette inn. Historisk så har det vore mange tragediar på sjøen og i slike tilfeller står kyrkja sterkt, seier han.

– Veldig overraska. Men konsernsjefen i Havfisk, som er eitt av selskapa som kritikken rettar seg mot, er lite glad for kyrkja sitt engasjement. Han er ueinig med soknepresten om at denne saka ikkje er politisk.

– Det er veldig overraskande at kyrkja engasjerer seg i dette, seier Olav Holst Dyrnes.

– Meiner du at kyrkja ikkje skal blande seg inn politisk?

– Kyrkja må få velje kva den vil gjere. Men eg er overraska over at kyrkja tek standpunkt i ei så politisk sak basert berre på grunnlaget frå den eine sida.

Dyrnes meiner at Kystaksjonen tek direkte feil når dei hevdar at dei Røkke-kontrollerte selskapa stel ressursar. Havfisk, og Norwegian Seafood som Havfisk samarbeider med, skapar store verdiar på land og mange arbeidsplassar på sjøen, seier Dyrnes.

– Røkke blir misbrukt. Kommunikasjonsdirektør i Aker, Atle Kigen, vil ikkje meine noko om at kyrkja omfamnar Kystaksjonen.

– Eg har ikkje noko meining om det. Men eg synes det er trist at Røkke blir brukt i saka for å få merksemd. Han har ingen posisjon i Havfisk og Norwegian Seafood.

Han seier at Aker, der Røkke er største eigar, og dei delvis Aker-eigde selskapa Havfisk og Norway Seafoods gjer det dei kan for å få skape lønnsemd i verdikjeden frå fangst til fordeling. Aker og dei to fiskeriselskapa har investert to milliardar i trålarar og landanlegg dei siste 15 åra, og er oppteken av å skape lønsam landbasert industri i åra framover også, seier Kigen.

Kigen seier også at Røkke ikkje uttalar seg i desse sakene, noko som er oppgåva til konsernsjefane i Norway Seafoods og Havfisk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter