Nyheter

Hege Schøyen om ungdomstida: – Vi var ein gladkristen gjeng

– Mykje hormona og mykje klining, seier komikaren, som er gjest i «Jul i Betlehem» på søndag.

– Når eg først reiser tilbake til barndomstraktene, så skal eg i kyrkja. Men no når mor mi ikkje bur der, er det ingen andre som tek meg inn i varmen, he he, seier Hege Schøyen.

Ho er blant gjestane i den tredje og siste adventsgudstenesta «Jul i Betlehem» frå Oslo Misjonskirke Betlehem. Fengselsprest Odd-Cato Kristiansen og bil-TV-programleiar Jan Erik Larssen er dei andre som skal intervjuast av pastor Erik Andreassen.

LES OGSÅ: - «Kristen-Jonas» er ikke skjellsord

«Hege er fra Abildsø og hadde i sin ungdom en kort og hektisk karriere i Abildsø kapell (der Oslo misjonskirke Betlehem nå står)», heiter det i presentasjonen av Schøyen på kyrkjelyden si heimeside. Ho stadfester dette overfor Vårt Land:

– Eg gjekk i ei kristen ungdomsgruppe i Abildsø kapell, der Oslo misjonskyrkje no står. Vi dreiv med musikk, og det var det som lokka meg med. Det var svært hyggeleg. Vårt Land er ei kristen avis, men for å seie det rett ut så er eg ikkje kristen. Ikkje forvent deg noko kristent snadder i dette intervjuet.

– Men korleis var miljøet som du var ein del av?

– Vi var ein gladkristen gjeng. Eg har lova å spare nokre historier frå ungdomsgruppa til søndagsmøtet. Men det er ikkje så store greier, altså, seier Schøyen.

Ho fortel aa foreldra skvatt meir av at ho involverte seg i kyrkja enn at ho sidan melde seg ut.

– Når eg ser tilbake på det var det jo greitt at den ungdommelege søkinga og utforskinga gjekk føre seg i ein slik venlegstemt flokk. Vi var snille, men mykje hormona i lufta var det likevel. Dei blei mykje klining sidan vi var einige i at Gud tillèt det.

– Du er som skodespelar van med å ikle deg rollar. Kjem du til å ta på deg kristenmaska på møtet søndag?

– Nei, nei, nei. Absolutt ikkje. Eg har forstått at eg kan kome som eg er og berre undre meg saman med andre. Det er det fine med å bli vaksen. Eg føler ikkje at eg må ta avstand, men kan kome og vere nysgjerrig på kva andre tenker.

LES OGSÅ: – Det er dette som er evangeliet

– Du var tidligare sterkt plaga av migrene, men vart bra for nokre år sidan. Gjorde du deg eksistensielle tankar i sjukdomsperioden?

– Ja, massevis. Du blir depressiv og då går tankane i alle retningar. At eg blei kvitt migrene er eit mirakel.

– Kva legg du i mirakel?

– Det må eit mirakel til for å bli frisk. Ei slik kronisk liding kan brenne seg ut, men eg hadde ikkje turt å tru på det.

– Bad du Gud om eit mirakel?

– Ja, det har eg gjort mange gongar, men han svarte ikkje då heller. Eg har kontakta mange høgare makter, for å seie det slik. Når du har så vondt at du har lyst å skjære av halvparten av hovudet ditt, så blir du depressiv.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter