Nyheter

– Har nådd vårt mål

Kyrkjeleiarar frå Russland og Ukraina blei torsdag samde om ein felles uttalelse om konflikta mellom dei to landa.

– Sjølv om vi kan ha både samanfallande syn og ulike oppfatningar når det kjem til årsaker, hendingar og konsekvensar av dagens krise, tek vi gjennom dialog sikte på å oppnå gjensidig forståing, vitande om at vårt mål er å vere vitner for sanninga og å bidra til fred, uttalar dei religiøse leiarane i uttalelsen frå rundebordskonferansen i Oslo, som vart avslutta torsdag ettermiddag.

Kyrkjeleiarane legg spesiell vekt på humanitær hjelp, og at det er viktig at denne når sivilbefolkninga i Aust-Ukraina.

Rundt 40 kristne, muslimske og jødiske kyrkjeleiarar frå Ukraina og Russland har, under leiing av Bibelselskapet, snakka saman i Oslo denne veka.

LES OGSÅ: Patriark: Putin besatt av djevelen

– Stor betydning

– Denne uttalelsen kjem til å bli lest opp for både Vladimir Putin og den ukrainske presidenten Petro Poroshenko innan kort tid, seier misjonsleiar i Bibelselskapet, Bernt Greger Olsen.

Ifølgje han har kyrkjeleiarane stor innflytelse i det austlege Europa.

– Religion betyr mykje for folk der, meir enn mange trur her i Vesten. Uttalelsen frå kyrkjeleiarane i dag vil påverke både på politisk og sivilt plan, seier han.

LES OGSÅ: Advarer mot tredje verdenskrig

Ikkje politisk

Samtidig understrekar Olsen at rolla til kyrkjeleiarane i seg sjølv ikkje er politisk.

– Dei påverkar gjennom dei kanalen dei har, seier han.

I uttalelsen uttrykkjer kyrkjeleiarane eit sterkt ynskje om at overgrep, som tortur og kidnapping, må ta slutt. På begge sider.

LES OGSÅ: – Våpen fra NATO-land kan hindre fred i Ukraina

– Nådd målet

Olsen meiner det er ein siger at kyrkjeleiarane ville møtast til dialog i det heile.

– Men det har vore ein god tone mellom dei, og vi er særdeles godt nøgde med møtet, seier han.

– Vi føler at vi har nådd vårt mål med møtet her i Oslo, nemlig at dei er blitt einige om at dei skal halde fram med å snakke med kvarandre. Det kan vere eit lite bidrag til fred.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter