Nyheter

Hakekors på bilar til katolske prestar

Fire bilar vandaliserte i Göteborg.

Natt til laurdag vart fire bilar som høyrer til katolske prestar i Göteborg, vandaliserte med hakekors. Bilane var parkerte utanfor kontoret til den katolske kyrkja.

Tre av bilane fekk hakekors rissa på motorlokket, den fjerde på bakluka, skriv Göteborgsposten.

- Hakekorsa er rissa djupt inn og er svært tydelege, seier sokneprest Tobias Unnerstål.

Sabotasjen vart oppdaga tidleg laurdags morgon då ein av prestane skulle køyre bilene sin.

Tobias Unnerstål trur hakekorsa er retta mot kyrkja.

- Det finst fordommar mot kyrkja. Dette er ikkje eit tilfeldig påfunn. Dette er eit hatbrotsverk, seier prestane.

Vandaliseringa er meld til politiet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter