Politikk

Grillar politikarar på kristne sommarstemne

Minst seks stemne lokkar med valdebatt. JesusKvinner har kapra to partileiarar og tre andre stortingsrepresentantar.

Audun Lysbakken (SV), Helga Pedersen (Ap) og Knut Arild Hareide (KrF) er blant toppane som tek turen innom stemna i Kristen-Norge for å delta i politisk debatt. På programmet står klassiske «kristensaker» som abort, familiepolitikk, misjon og frivillige organisasjonar sine kår.

– Vi gir kristne kvinner sjansen til å orientere seg i kva verdiar dei forskjellige partia har, seier Randi Birkeland, dagleg leiar i JesusKvinner.

STEMNEGUIDEN: Finn sommarstemne der du bur eller ferierer

Familie og menneskeverd. Laurdag 8. juni arrangerer kvinnenettverket politisk debatt. Blant deltakarane er partileiarane Knut Arild Hareide (KrF) og Audun Lysbakken (SV), parlamentarisk leiar Helga Pedersen (Ap), stortingsrepresentantane Svein Harberg (H) og Åse Michaelsen (Frp), kvinnepolitisk leiar Åsta Årøen (V) og Senterpartiet sin førstekandidat i Akershus, Erlend Grimstad.

– Eit av spørsmåla de kjemt til å stille er «kva verdiar vil du byggje det norske samfunnet på?». Kva er rett svar ifølgje JesusKvinner, Randi Birkeland?

– Vi ynskjer å ha Jesus som forbilde, og at det blir følgd opp det som står i Grunnlova om at verdigrunnlaget i landet skal vere vår kristne arv. JesusKvinner vil fokusere på familie, ekteskap, menneskeverd og fattigdom.

– Og med dette publikummet blir det ein grei arena for Kristeleg Folkeparti?

– Ja, eg trur nok KrF er glade for å få delta.

– Politikarane vil kanskje tilpasse bodskapen til det kristne publikummet. Det kan bli mykje valflesk?

– Jo, absolutt. Men slik er valkampen. Politikarane får seie det dei har på hjartet, og så kan det engasjere kvinner som i utgangspunktet ikkje er så politisk engasjert. Ein del av vår visjon er å byggje Guds rike i samfunnslivet, og då er det bra å vere politisk oppdatert.

STEMNEMINNE I BILETE: Hugsar du då Aril Edvardsen grilla Einar Førde?

– Ny merksemd. Både på JesusKvinner-konferansen og under Sommeroase er det tankesmia Skaperkraft står for den praktiske gjennomføringa av den politiske debatten. Leiar i Skaperkraft, Hermund Haaland, meiner det har skjedd ei oppvaking i kristne miljø når det gjeld politikk og samfunnsengasjement.

– Dei politiske debattane er på grunn av valet, men ikkje samfunnsengasjementet. Vi merkar ei ny merksemd rundt dette, seier han.

LES MEIR: Egil Svartdahl er den mest populære sommarpredikanten

Får mange invitasjonar. Rådgjevar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe, Bernt Sønvisen, fortel at dei får lassevis av debattinvitasjonar frå interesseorganisasjonar.

– Alle forventar at toppolitikarane vil stille. Vi prøver å strekke oss langt, men det er ein kabal som må gå opp.

– Får de mange førespurnader frå kristne miljø?

– Eg har ikkje oversikt, men nokre er det. Desse invitasjonane blir prioritert vel så mykje som andre førespurnader.

– Er dette ein viktig arena for Ap?

– Ja. Kristne veljarar er viktige for oss, og desse debattane er ofte godt organisert på den måten at det kjem mykje folk, noko som er viktig for politikarane som stiller. Sjølv om Ap ikkje er einige i alle verdisakene til debattarrangøren, gjer vi det ofte bra i verdibaserte debattar.

Nestekjærleik. Parlamentarisk nestleiar i Ap, Martin Kolberg, har deltatt på mange debattar i kristen regi, blant anna hos Evangeliesenteret, Sarons Dal, Filadelfia Oslo og Levende Ord i Bergen.

– Eg har aldri hatt min gange i desse miljøa, men eg har likevel god kunnskap om miljøa og har hatt god kontakt med dei.

– På kva måte skil desse debattane seg ut frå «vanlege» debattar?

– Eg likar at prinsipielle spørsmål blir teke opp, slik som samfunnet si humanistiske utvikling, i staden for fokus på den materielle utviklinga.

– Kva argument brukar du å kome med?

– Eg argumenterer for at kristne verdiar og nestekjærleik er nært knytt mot sentrum og venstresida.

– Ikkje aggressiv stemning. – Kva får du motstand på?

– Forholdet til homofile og i dei seinare åra litt på permisjonsordningar. Dessutan bioteknologi som assistert befruktning, og her opplever eg ein veldig usemje. Men stemninga blir ikkje hard eller aggressiv.

– Har du hatt nokre spesielle opplevinga i slike debattar?

– Det var hos Levende Ord i Bergen i 2004, då Carl I. Hagen vann mange stemmer på å kritisere profeten Muhammed. Stemninga var veldig spiss på grunn av den veldig sterke trusoppfatninga som dette miljøet hadde, seier Kolberg.

– Vær ærleg. Carl I. Hagen, som då var Frp-leiar, seier at han ikkje gjorde noko anna enn å leggje fram partiet sine synspunkt då han gjesta Levende Ord, som til dømes «respekt for den enkelte familie, varmt forsvar av Israel, viktigheita av personleg ansvar, tydeleg front mot ekstrem islamisme og omsorg for rusmisbrukarar».

– Dette er område som pinsemiljøa er opptekne av.

– Kva saker får du motstand på?

– Vår alkoholpolitikk og bruken av bioteknologi.

– Kva tips har du til politikarar som ikkje kjenner desse miljøa godt?

– Vær ærleg på kva du sjølv og partiet står for.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk