Nyheter

Går til retten for å få einerett på bibeltekstar

Eide Forlag er på krigsstien for å sikre seg rettane til dei heilage tekstane. Prestane fortvilar.

Prestar i Den norske kyrkja fortvilar over bibelstriden og har dessutan fått datatrøbbel på grunn av tvisten mellom Eide forlag og dataprogram-produsenten Agrando. Partane har krangla over rettane om Bibelen 2011 og Salmeboka 2013 i lang tid (sjå faktaboks). No tek striden ei dramatisk vending sidan Eide forlag varslar at dei vil «søke en rettslig avklaring overfor Agrando».

Inntil vidare må prestane slite med datatrøbbel når dei skal lage ark til utdeling i gudstenesta eller powerpoint til allsong av salmar.

– Eide forlag har blokkert tilgangen til salmeboka dersom vi er inne i gudstenesteprogrammet til Agrando. Vi er nøgde med dette planleggingsverktyet som vi har nytta i mange år. Og vi betalar for tilgang til ei dyr digital salmebok frå Eide. Då ser vi ikkje logikken i at desse ikkje skal fungere i saman, seier Per Gunvald Haaland, assisterande kyrkjeverje på Karmøy.

Prosten i Karmøy, Helge S Gaard, er minst like frustrert.

– Dette er frustrerande for meg og mange andre prestar her i Karmøy. At Eide forlag boikottar Agrando rammar oss som tredjeperson. Dette skapar mykje ekstraarbeid for meg og andre prestar, seier Gaard.

Program- krasj. Alle av kyrkjelydane på Karmøy har kjøpt inn gudstenesteverktøyet frå Agrando. Ein del har og kjøpt Eide forlag si digitale salmebokdatabase og fram til nyleg har dette fungert godt saman.

Kyrkjeverje Haaland brukar følgjande bilete på konflikten:

– Det er som om du kjøper bil hos ein bilforhandlar. Men i etterkant kjem det fram at du må kjøpe bensinen hos bilforhandlaren for at bilen skal fungere. Det Eide forsøker er å presse oss til å kjøpe deira gudstenesteverktøy. Vi må nemleg kjøpe ei ny vare frå Eide for at den første skal kunne fungere godt. Det har vi ikkje behov for sidan vi allereie har eit velfungerande program frå Agrando.

– Hol i hovudet. Men Eide forlag sin advokat, Hans Marius Graasvold, synes forklaringa haltar.

– Eg forstår kva dei meiner sidan dei ser er at Eide forlag skrur igjen krana på tilgangen til den digitale salmeboka. Då er forståeleg at dei rettar frustrasjonen mot Eide. Men eg håpar dei forstår er at dersom Eide skulle gått med på krava til Agrando, så kan Eide pakke ned heile satsinga si på tekstboka.

Dersom konkurrenten ikkje går med på krava til Eide, vil det bli rettssak, bekreftar Graasvold.

– Eg håpar vi slepp det. Men kjem vi dit så kan vi ikkje med den eine handa ha ein avtale med Agrando (ved at Agrandos gudstenesteverktøy kan nyttast i kombinasjon med den digitale salmeboka red.anm.) og med andre handa saksøke Agrando. Rettsleg sett er det hol i hovudet.

Ber ei bønn. Men leiaren i Agrando synes det ikkje heng på greip at prestane må lide på grunn av tvisten.

– Det er Eide som har slått av tilgangen til dei digitale salmane. Eide har 100 prosent kontroll på dette, seier Per Halvorsen.

Han hevdar å berre ha eit krav til Eide slik at den kompliserte striden kan bli løyst.

– Det einaste vi ber om er at Bibelen 2011 skal få liggje i produkta vi har selt med moglegheit til å sjå søndagens tekst utan ekstra kostnadar for kyrkjelydane. Dersom Eide dreg oss til retten på grunn av dette, må vi berre følgje med. Vi kan ikkje akseptere Eide forlag si urette oppfatning av åndsverkloven.

– Kva tenker du om at det er dei heilage tekstane kampen står om?

– Det gjer det enno verre.

– Falskt alibi. I sitt brev til landets kyrkelydar om tilgangen på den digitale salmeboka, skriv Eide forlag at «når norske menigheter og andre brukere nå blir skadelidende som følge av denne konflikten, må Eide søke en rettslig avklaring overfor Agrando dersom saken ikke får en snarlig løsning».

– Eide brukar berre dei skadelidande kyrkjelydane som alibi for å presse gjennom ein avtale, seier Halvorsen.

– Eg forstår ikkje den måten å sjå dette på. Vi har jobba i to år for å sleppe rettssak. Tvisten handlar ikkje om at Eide vil nekte Agrando tilgang på bibelen. Tvisten går på at Eide har opphavsrett på Tekstboken for Den norske kyrkje og at Agrando ikkje vil anerkjenne den, seier Graasvold, Eides advokat.

'Kyrkjerådet har skulda'. Fleire partar gir Kyrkjerådet skulda for konflikten mellom Agrando og Eide forlag.

– Kyrkjerådet har ansvar for å ordne opp i dette rotet, seier leiar i Presteforeininga, Gunnar Mindestrømmen.

– Kyrkjerådet har gjort dårlege og uklare avtalar på dei digitale løysingane, seier prost i Karmøy, Helge S. Gaard.

– Kyrkjerådet har gjort ein dårleg jobb og kan løyse dette, seier leiar i Agrando, Per Halvorsen.

Leiaren i Presteforeininga meiner «det er heilt håplaust at det er trøbbel med dette».

– Prestar må ha tilgang på bibeltekstane og salmane. Det er heilt grunnleggjande for at dei skal kunne gjere jobben sin, seier Mindestrømmen.

Han er seier at Presteforeininga vil ikkje leggje seg opp i konkurranseforholdet mellom partane.

– Men det kan ikkje bli ignorert at Agrando har blitt brukt i mange, mange år av svært mange prestar. Då må Kyrkjerådet sikre at rettar og avtalar skal vere til gang og ikkje til hinder for prestane, seier leiaren.

Prosten i Karmøy trur ikkje Kyrkjerådet har sett konsekvensane av dei vedtaka dei har gjort.

– Eide forlag har vist seg å vere kostnadstungt for kyrkjelydane våre. Dei digitale løysingane som fanst før var mykje billigare, seier Helge S. Gaard.

Agrando meiner at Kyrkjerådet bør ordne opp.

Skuldar på Agrando. Assisterande direktør i Kyrkjerådet, Gerd Karin Røsæg, legg skulda på Agrando.

– Kva meiner de om at Eide forlag stenger bruken av salmeboka i Agrandos dataprogram når tvisten omhandlar eit anna produkt, nemleg tekstboka?

– Så lenge konflikten mellom Agrando og Eide varer, har vi forståing for at det ikkje blir inngått avtale om bruk av salmeboka. Problemet er at Agrando ikkje anerkjenner at Tekstbok for Den norske kyrkja har opphavsrettslig vern som eit samla verk.

– Agrando og fleire prestar hevdar at Eide brukar sin einerett på Tekstboka og Salmeboka for å presse fram sal av sitt gudstenesteverktøy og slik skvise ut dei andre leverandørane på den frie marknaden?

– Eg kan ikkje sjå at det er korrekt. I det augeblikket Agrando anerkjenner våre rettar til Tekstboka som samla verk, så er Eide villig til å gi Agrando tilgang på Salmeboka. Difor er det forståinga av Tekstboka som ligg og sperrar.

Ironisk konflikt. – Det er full strid mellom desse selskapa om bruken av bibeltekstane, i tillegg til at prestane får ekstraarbeid og er irriterte. Er dette pinlig for Kyrkjerådet?

– Vi beklagar at vi fått denne tilspissa situasjonen og vil svært gjerne vere med å løyse den. Men vi ser ikkje nokon anna løysing enn at Agrando anerkjenner våre rettar når det gjeld tekstboka.

– Kva tenkjer du om at krangelen er om dei heilage tekstane?

– Her snakkar vi om bibeltekstar til eit spesielt bruk.

– Men er det ikkje ironisk at tekstar som skal bringe fred er bakteppe for denne konflikten?

– Jo. Men det spørsmålet bør du kanskje stille til fleire enn oss.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter