Klima

Går hardt ut før valet

Britiske biskopar kastar seg inn i valkampen. 
– Kunne ikkje skjedd i Noreg, seier stipendiat Silje K. Bjørndal.

7. mai i år går ­britane til val­urnene. Tysdag denne veka ­publiserte kyrkja i landet eit ­såkalla hyrdebrev, med sterk kritikk av britisk politikk. Ein «eineståande intervensjon», ifølgje avisa The Guardian.

Skatt og innvandring

Hyrdebrevet tek føre seg fleire tema, mellom anna desse:

Minsteløn: Erkebiskopen i York, John Sentamu, har engasjert seg spesielt i denne debatten. «Living wage»-konseptet er ein avtale mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, for å sikre at alle tilsette tener nok til å leve eit verdig liv.

Skatt: Eitt av hovudspørsmåla, slik biskopane ser det, er skatt. Vi treng ein meir seriøs måte å snakke om skatt på, skriv dei, utan å utdjupe vidare.

Innvandring: Biskopane meiner politikarane i hovudsak snakkar om innvandrarar som eit problem, og dermed skaper eit kunstig skilje mellom «oss» og «dei».

Storbritannia og EU: EUs historie talar for å halde fast ved fellesskapet i Europa, står det i brevet. Statsminister ­David ­Cameron har derimot lova ­folke­røysting om medlems­skapet i Edersom han vinn valet.

LES MEIR: 'Nye politikere, ikke ny kirkemening'

– Ikkje i Noreg

Silje Kvamme Bjørndal, stipendiat ved Menighetsfakultetet, trur ikkje norske biskopar kunne gitt ut eit slikt brev som britane har gjort.

– Nei, ikkje på denne omfattande måten per dags dato, seier ho.

Førre veke raste debatten her 
i Noreg, etter at biskop Tor B. Jørgensen mellom anna tok til orde for auka skattenivå. Jørgensen og Bjørndal var blant dei som deltok i Debatten på NRK for ei veke sidan, då kyrkjas politiske rolle vart diskutert.

– Debatten som har gått her i Noreg viser at Den norske kyrkja­ ikkje har den samla krafta for å få til det same som i England. Samfunnet er nok heller ikkje klart for å lytte. Religion blir i stor grad sett på som privat, noko som inneber at ein heller ikkje ynskjer at kyrkjelege leiarar bør meine så mykje, seier Bjørndal.

LES OGSÅ: «Kirken er politisk»

– Gjer som britane

Biskopane i England meiner det er uunngåeleg at kyrkja blandar seg inn i politikken. Det er Bjørndal einig i. Ho trur det at britane «vågar å gå så langt» kan opne opp for å tenke meir i same retning i Noreg også.

– Burde Den norske kyrkja gjere meir som britane, synest du?

– Det er vanskeleg å seie at kyrkja generelt må gjere det same. Men dei tema som britane tek opp, er bygd på tydelege verdiar som det ikkje bør vere noko problem for Den norske kyrkja å fronte, meiner stipendiaten.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Ny moralsk visjon. I brevet tek biskopane også til orde for ein «ny moralsk visjon» i britisk politikk. Her har norske kyrkjesamfunn mykje å hente, ifølgje Bjørndal.

– Kyrkja i Noreg, og ikkje berre Den norske kyrkja, bør ta utfordringa. Her handlar det om visjon, ikkje konkrete saker, seier ho.

– Eg trur mange kyrkjelydar er flinke internt til å snakke om kva kyrkja deira kan bety for samfunnet. Men dei går ikkje lenger ut i det offentlege rommet med visjonen sin enn det.

LES MEIR: – Biskopen skremmer bort borgerlige velgere fra kirken

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima