Religion

Forskar og biskop i klinsj om valdeleg kristendom

Historikar meiner det tok svært lang tid for kristendomen å bli sivilisert. – Det er ikkje sant, seier biskop.

– Det tok svært lang tid for kristendomen å ta til seg og tilpasse seg opplysningstidas ideal om humanisme, toleranse og demokrati. Det er utruleg kor vi alle har gløymt kor nyleg vald var ein del av kristendomen, seier Roger Griffin, som er professor ved Oxford Brookes University.

Historisk fanatisme

Griffin meiner fanatismen som blir vist frå Den islamske stat (IS) slett ikkje er noko nytt.

– Fanatisme og vondskapen IS viser no er det same som kristne erobrarar gjorde i Latin-Amerika gjennom to hundreår under kolonitida, seier historikaren.

Han trekk også fram kvinnesynet som noko religionane har til felles gjennom historia.

– Taliban og Saudi-Arabia sitt syn på kvinner i dag brukte å vere standard blant kristne fram til slutten av 1800-talet, og kanskje endå seinare.

– Meiner du at islam i dag er som kristendomen var for nokre hundre år sidan?

– Ja, akkurat, seier Griffin.

Eiga historie

Kristne må sjå på si eiga historie for å forstå dei valdelege sidene ved islam i dag, meiner historikaren.

– Vi burde ikkje ha ei kjensle av at kristendomen står over islam. At vi er overlegne. Det er ei naiv oppfatning at kristendomen er humanistisk, medan islam er vond, seier historikaren.

Han meiner islam treng meir tid.

– Islam som sivilisasjon har ikkje gått gjennom ein opplysningsprosess enno. Vi kan ikkje anta at ein tradisjonell, ikkje-vestleg religion skal kunne omfamne sekulær humanisme på kort tid.

«Gud vil aldri dø»

Griffin vart sitert i ein kommentar i Bergens Tidende (BT) nyleg, der journalist Eirin Eikefjord ser på korleis religion med valdelege element kan handterast. Avslutninga lyder som følgjer: «Gud vil aldri dø. Det er det vanskelig å leve med».

– Det må bli forstått utifrå min ateistiske ståstad, seier Eikefjord, som også presiserer at det har tatt lang tid for kristendomen å kome der den er i dag.

– Slik eg ser det har religion vore rot til mykje vondt i historia.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Kristendomen siviliserte vår kultur

Eikefjords kommentar fekk Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug til å reagere. Han gir henne honnør for å ta opp eit viktig tema, men ho blir for unyansert, skreiv han i eit motinnlegg i BT. Biskopen er ikkje einig med Griffin og Eikefjord.

– Det tok ikkje lang tid for kristendomen å bli sivilisert. Det tok heller lang tid for kristendomen å sivilisere vår kultur, seier han.

– Griffin har eit for kort perspektiv. Vi må heilt tilbake til byrjinga av antikken, då kristendomen kom som ei humaniserande kraft.

– Stygg historie

Men Nordhaug erkjenner at den kristne kyrkja har ei samansett historie.

– Rundt opplysningstida kom kyrkja ofte ut på den gale sida. Altfor ofte har den alliert seg med makthavarane og forfølgt både jødar, muslimar og fritenkjande, seier biskopen i Bjørgvin bispedøme.

Men biskopen meiner likevel at kyrkja kan utgjere ei frigjerande kraft.

BTs Eirin Eikefjord synest innvendingane frå biskopen er både interessante og kloke.

– Men vi har totalt forskjellege tilnærmingar til dette temaet, seier ho.

– For meg er det vanskeleg at vi aldri blir kvitt religion, sidan det har ført til så mykje vald og undertrykking. Men religion er noko vi må handtere, for vi kan ikkje fjerne det.

Vil hjelpe

Biskop Halvor Nordhaug meiner kristendomen kan hjelpe islam.

– Det er viktig å søke dialog i vår eigen kultur. Samtidig kan vi bidra indirekte i land som Pakistan gjennom dialog med dei vi møter her i Noreg, seier Nordhaug.

I hans auge er kristendomen kulturelt elastisk, medan islam er meir som ei samfunnsoppskrift.

– Vi må snakke med muslimane om våre erfaringar av å leve i eit sekulært samfunn der religionen ikkje set dagsorden, meiner han.

I sin kommentar hevdar BT-journalist Eirin Eikefjord at reformasjonen av islam må skje innanfrå, men at ingen tek den ideologiske kampen. Det er feil, ifølgje religionshistorikar Kari Vogt.

– Det fins absolutt muslimar som ynskjer likskap for lova og som arbeider med nye tolkingar av skrifta, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion