Nyheter

Forlet kyrkja då prestane streika

Frp-topp tvilar på at han vil vise seg i kyrkja igjen. Den lokale 
presten håpar han tek seg tid til samtale.

– Eg melder meg ut fordi propagandaen frå LO ikkje er sann. Så når prestane støttar noko som ikkje er sant, så melder eg meg ut. Kristendommen er veldig viktig for meg, så då kan eg ikkje støtte det. Eg forventar meir av prestane enn av politikarane, seier Einar Almaas.

Han er fylkesleiar for Framstegspartiet i Nord-Trøndelag og er trist i stemma når han fortel at kyrkjedøra kanskje er lukka for godt. Prestar i Den norske kyrkja deltok onsdag for første gong i ein politisk streik. Då melde Frp-toppen seg ut på dagen, melder Namdalsavisa.

LES MER: Streiket – men hadde telefonen på

Kjenner ubehag

– Har det noko med saka å gjere at prestane streika mot Frps politikk?

– Nei. Kristendommen betyr så mykje for meg. Dette er eit personleg standpunkt.

Almaas går i kyrkja omtrent ein gong i månaden. Han har vore medlem sidan han vart døypt i 1945.

– Kjem du til å slutte å gå i kyrkja også?

– Det trur eg. For eg kjenner eit ubehag ved å setje meg i Guds hus og få forkynt ein bodskap som eg meiner er ureielig. No må eg berre få roa meg ned litt, og så skal eg leite etter eit kyrkjesamfunn eller fellesskap som held seg til å forkynne det som står i Bibelen.

– Veit du om prestane i Bjugn eller Namdal deltok i streiken?

– Eg har ikkje peiling. Eg reknar med at dei var einige med fagforeininga si. Dersom dei var ueinige så må dei gi lyd frå seg. Den som teier samtykker.

LES KOMMENTAR: En milepæl, tross alt

– Leit

Sokneprest i Bjugn er Åslaug Elvebakk. Ho deltok ikkje i onsdagens markering.

– Det var av praktiske omsyn, men eg kunne gjerne ha delteke, seier ho.

Ho meiner det alltid vil vere folk som melder seg når dei er ueinige med noko som skjer i Den norske kyrkja.

– Men i denne saka er det prestane som arbeidstakarar og medlem i eit fagforbund som deltok i streiken. Kyrkja har ikkje sagt noko offisielt i denne saka.

– Forstår du at folk synes det er vanskeleg å skilje mellom det prestane gjer og kyrkja sitt offisielle standpunkt?

– Det forstår eg veldig godt. Mange ser på det som at presten er kyrkja. Det er synd at Einar Almaas har meldt seg ut. Vi vil ha alle med.

– Kva vil du seie til Almaas?

– Når eg møter vil eg om han ynskjer det ta meg god tid til å lytte på det han har å seie. Så måtte vi berre sett kva det blei til.

LES MER: Prestene streiker for første gang

Vil bevare trua

Einar Almaas trur ikkje prestane i Bjugn og Namsos tenker spesielt over at han har meldt seg ut.

– No må eg berre behalde kristentrua. Eg trur den skal over-leve, eg må berre dyrke den sjølv dersom eg ikkje finn eit anna kristent fellesskap.

– Prestane deltek i streiken fordi dei meiner dei dermed støttar dei svake i arbeidslivet. Kan det stemme overens med Bibelens bodskap?

– Nei, det er urimeleg. For 600.000 står utanfor arbeids-livet og det er 70.000 ungdommar som ikkje kjem seg inn. Prestane burde heller støtta dei som står utanfor arbeidslivet i staden for å hjelpe dei velfødde heiltidstilsette med å behalde makta. Dette tek eg veldig tungt. Eg er veldig skuffa.

Nestleiaren i Presteforeininga i Den norske kyrkja vedgår at Almaas løftar fram eit viktig side i saka når han viser til dei som står utanfor arbeidslivet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Angrar ikkje

– Men det kan kanskje bli løyst på ein annan måte. Å utvide tilgangen til midlertidige stillingar er ikkje ei god løysing, seier Ingvild Osberg.

– Støttar de «dei velfødde heiltidstilsette i å behalde makta» slik som Almaas seier?

– Det finst heilt sikkert prestar også som er ueinige i markeringa vi hadde, men det er ikkje for ingenting at ei så stor gruppe av norske arbeidstakarar deltek i markeringa. Som ein del av fagforeininga Unio ville vi også delta.

Ho meiner det er umogleg at prestar ikkje skal kunne engasjere seg i saker som kan tolkast som politikk.

Var fri

– I denne streiken var den enkelte prest fri til å delta. Det var ikkje slik at vi bad prestane forlate jobben for å delta og vesentleg forskjellig frå ein streik i samband med eit tariffoppgjer.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter