Nyheter

Flyttar misjonærar frå konflikt

I november braut japansk kyrkje og norske misjonærar samarbeidet. No skal dei ikkje lenger bu i same region.

– I byen Nagoya har vi funne ein god stad misjonærane våre kan vere. Dette er ikkje ei varig løysing, men for å forsøke å rydde opp i brotet med den japanske Kinki-kyrkja, seier leiar i Frikyrkja, Jarle Skullerud.

Partane har jobba saman i 64 år for å spreie den kristne bodskapen til det japanske folk, men to forhandlingsmøte i november enda med at Frikyrkja sine misjonærar fekk beskjed om at dei ikkje lenger er ønska i den japanske kyrkja. No flyttar også den norske misjonsorganisasjonen sine fem misjonærar vekk frå Kinki-kyrkja sitt geografiske nedslagsfelt, skriv Budbæreren. Fram til no dei budd i Mie fylke, det er omtrent åtte mil til dei nye bustadane deira i Nagoya by.

Skullerud, misjonsleiar Terje Bjørkås og Ole-Johnny Møyholm kom i går tilbake frå reise i det asiatiske landet. Formålet var å drøfte situasjonen med Frikyrkja sine misjonærar som jobbar der, etter at organisasjonen opplevde eit opprivande samarbeidsbrot med japanske Kinki Evangelical Lutheran Church i november.

Følg oss på Facebook og Twitter

Taus

– Etablerer de no eit nytt arbeid i Nagoya, Jarle Skullerud?

– Nei. Vi vil ha eit samarbeid med ulike kyrkje og nettverk i byen for å sjå om vi kan bidra med noko positivt, men det er ikkje eit formelt nytt samarbeid med nokon. Årsaka til at vi flyttar misjonærane våre er at vi trur dette er det beste for det vidare samarbeidet med Kinki.

– Har de hatt møter med leiinga i Kinki?

– Det kan eg ikkje seie noko om sidan vi ønskjer ro rundt prosessen med å finne tilbake til eit samarbeid.

Bede om tilgjeving.

I eit brev til toppleiinga i japanske Kinki har Skullerud bede om tilgjeving for følgjande:

• At Frikyrkja konkluderte for raskt med eit endelig brot.

• At dei ikkje lytta meir til Kinkis vurdering av den karismatiske rørsla International marketplace ministry (IMM). Kinki ser nemlig på IMM som en kjetterisk organisasjon, og har bedt Frikyrkja om å ta skriftlig avstand frå bevegelsen, noko Frikyrkja ikkje ville.

• At dei tok med tidlegare misjonær Ingrid Aske som tolk i møtet i november. Aske er involvert i IMM, noko som misjonsleiar Bjørkås tidligare overfor Vårt Land sa «kan ha blitt sett på som en provokasjon».

LES OGSÅ: Nå er hun uønsket av Kinki-kirken

– Nyttig tur

– Korleis har Kinki-leiinga reagert på brevet du sendte, Skullerud?

– Det vil eg heller ikkje kommentere.

Frikyrkja har tidligare omtalt brotet som lyn frå klar himmel. Skullerud vil ikkje svare på om han no veit meir om årsaka til brotet, men svarer følgjande:

– Denne turen var nyttig. Eg har lært meir om korleis vegen fram til å få ein god samarbeidsrelasjon med Kinki må skje.

Ueinige om strategi

Før brotet i november innhenta Frikyrkja synspunkt frå noverande og tidligare misjonærar i Japan. Misjonsleiar Terje Bjørkås fortel til Budbæreren at signala var heilt tydelige: Dersom Kinki ikkje ynskja at Frikyrkja skulle ha eit auka fokus på utadretta misjonsarbeid mot ikkje-kristne japanarar, måtte Frikyrkja gå vidare og finne andre samarbeidspartnarar i landet. Kinki har nemlig hatt eit ønske om at Frikyrkja sine misjonærar skal bli brukt til å ta vare på dei eksisterande kyrkjelydane og deira kristne.

– Vi var på førehand klar over at forslaget vårt kunne komme til å bli kontroversielt, seier Bjørkås til Budbæreren.

– Er dette noko av årsaka til brotet, leiar Jarle Skullerud?

– Dette er berre referat frå samtalar. Dette var aldri nokon som vart vedteke og vart aldri fremja som krav til Kinki. Difor vil eg ikkje kommentere det.

Skullerud seier at flyttinga av misjonærane ikkje vil koste organisasjonen ekstra økonomisk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter