Nyheter

Får undervise konfirmantar i skuletida

Kyrkjedepartementet høyrde ikkje på klage.

Flora kommune i Sogn og Fjordane vedtok i fjor at byens kyrkjelydar kan få bruke skuletida til konfirmasjonsundervisning. Mindretalet i kommunestyret anka vedtaket til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet.

No er anken behandla ferdig. Lokalpolitikarane som vil stengje kyrkjelydane ute frå skuletida vann ikkje fram, melder Fritanke.no.

Avgjerda får fagsjef Bente Sandvik i Human-Etisk Forbund til å reagere. Ho vil fjerne retten til å leggje konfirmasjonsundervisninga i skuletida. Sandvik forventar at Solberg-regjeringa ordnar opp i samband med oppfølginga av Stålsett-utvalet og arbeidet med ein ny og heilskapleg trus- og livssynspolitikk.

Særlege grunnar. I vedtaket skriv departementet mellom anna:

«Departementet viser til at det er opp til kommunen å gje samtykke til at konfirmasjonsopplæringa blir lagt til skulen si tid. Føresetnaden for at kommunen kan gje samtykke, er at «særlige grunner tilsier det». (...) Grunngjevinga for konfirmasjonsopplæringa i skuletida i denne saka er mellom anna problema med å få til ei fornuftig ordning for skyss når konfirmantane skal samlast i fritida. Dette inneber at det ligg føre eit tilhøve som kvalifiserer som særleg grunn etter lova. Det blir og vist til omsynet til dei konfirmantane som treng tilrettelagt opplæring. Kravet til at det må vere særs vanskeleg å gje eit tilfredsstillande opplæringstilbod utanom skuletida, rettar seg etter ordlyden mot andre tilhøve enn tilrettelagd opplæring for funksjonshemma og avstandar som krev skuleskyss. At skysstilbodet i Flora i dag har blitt betre, er eit moment som det blir opp til kommunen sitt skjøn å avgjere.

HEF kan få. Departementet påpeikar at «når skuletida blir nytta til konfirmasjonsopplæring etter kyrkjelova, skal dei timane som fell bort, delast på alle faga i skulen, og andre trus- og livssynssamfunn har same retten til å bruke skuletida som Den norske kyrkja har:

– Dette inneber at Human-Etisk Forbund også vil ha rett til å nytte skuletida til konfirmasjonsopplæring, opplyser avdelingsdirektør Thom M. Rafoss.

Departementet kom fram til at innhaldet i Flora bystyre sitt vedtak er lovleg: «Avgjerda er treft av kommunen, og det er ikkje tilhøve ved saka som reiser spørsmål om sakshandsaminga. Klaga har etter dette ikkje ført fram», lyder konklusjonen.

Lov trumfar. – Her ser vi at kyrkjelova og Kyrkjedepartementet kan gå inn og styre den norske skulekvardagen. Kyrkjelova trumfar opplæringslova. Det er slett ikkje haldbart, seier fagsjef Sandvig i HEF til Fritanke.no.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter