Nyheter

Eks-Jehovas vitne går frå dør til dør

Og no vil Thor Ivar Hornnes ha med seg alle landets kyrkjelydar på kristen-stunt.

– Då eg var Jehovas vitne fekk eg ikkje gå frå dør til dør. Eg vart ikkje godkjent for oppgåva, fortel Thor Ivar Hornnes.

Sørlendingen var kroppsbyggjar og hadde nokre slåsskampar på byen bak seg. Fellesskapet han tilhøyrte meinte at han difor ikkje haldt mål for oppgåva, hevdar Hornnes.

Men no har sørlendingen gått ut av Jehovas vitne og kan fritt gå rundt og fortelje om trua si.

– Ja, no kan eg gå frå dør til dør. Eg synes det er flott at Gud kan bruke ein som meg til å fortelje at det er Jesus som er vegen til Gud. Som Jehovas vitne var det ikkje det eg fortalte til folk, seier 54-åringen.

Upopulært. No er han leiar for Global Outreach Day i Norge. Organisasjonen jobbar for at flest mogleg den 14. juni neste år skal kome seg ut i gatene og dele evangeliet med minst ein person som ikkje er kristen. Målet er at dette skal gå føre seg i 200 land.

– Denne typen evangelisering er ikkje så veldig populær lenger?

– Nei, i Vesten har dette nesten forsvunne. Hovudgrunnen er at vi her har gjort evangelisering til noko overkomplisert som berre profesjonelle forkynnarar kan drive med. Men eg trur på at alle kristne kan gjere dette.

– Er du sikker på at slik gateevangelisering er den rette måten å nærme seg folk på?

– Ja, heilt overbevist. Men den som går ut må forstå at det er Den heilage ande som skal overbevise om synd og skape tru. I Vesten har vi intellektualisert dette og vil ha traktatar og alle moglege metodar.

Vil provosere. Sørlendingen er ikkje redd for at folk kan bli provosert over at han vil bli kjent med dei berre for å overbevise dei til å tru slik som han sjølv.

– Eg håpar folk blir provosert. I dag skal alle vere så tolerante og meiner at alle får kome til Gud uansett kva dei trur på. Dei som blir mest provosert, har tenkt mykje over dette. Dermed er dei nærmare å møte Jesus og bli frelst.

– Kva er det flotte med å vere frelst?

– Vi menneske er andelege og skapt for å leve evig. Vi sluttar ikkje å eksistere når vi døyr, men kjem til å leve evig hos Gud eller evig vekke frå Gud. Frelse sikrar at vi får vere evig hos Gud.

– Var du ikkje frelst då du var Jehovas vitne?

– Jo, det var eg. Eg vart først frelst, og så vart eg med i Jehovas vitne utan at eg visste at det var feil. Men no veit eg at det er Jesus som betalar frelsa mi.

Sportsleg utfordring. Men datoen 14. juni 2014, som er Hornnes' store evangeliseringsdag, byr på ekstra utfordringar i forhold til å få sportsinteresserte vekk frå TV-apparatet. Denne datoen er det nemleg fire fotball-VM kampar som skal bli spelt, blant anna spelar England mot Italia.

– He he. Nei, det var eg ikkje klar over. Men for å svare med litt humor kan eg jo takke Gud for at Norge ikkje vart kvalifisert til meisterskapet. Då hadde utfordringa vore enno større, ler han og legg til:

– Eg likar utfordringar. Det er alltids eit VM eller andre ting vi må konkurrere med.

Mer fra: Nyheter