Nyheter

– Eg har nok fri på sommaren

Carl Ophus (24) synest det er deilig å ha fridagar der alle andre også har fri.

Vårt Land spurte seks på gata tre spørsmål:

1. Hadde det vore greitt for deg om dagar som 2. påskedag og 2. pinsedag var vanlege arbeidsdagar?

2. Kva brukar du som regel dei fridagane til?

3. Kva om nokre av dagens fridagar vart sløyfa, men samla til ei ekstra ferieveke. Hadde det vore ein god idé?

Dette er svara vi fekk:

LES OGSÅ: Høgtidsparadokset

Carl Ophus (24)

1. Nei, det er deilig med fridagane. Då kan vi også gjere noko saman med andre, sidan alle andre også har fri.

2. Eg er på hytta eller slappar av heime.

3. Nei. Eg synest eg har nok fri på sommaren.

Ann Helen Aarø (46):

1. Nei, fordi eg synest det er fint med dei fridagane vi har.

2. Av og til jobbar eg, og av og til har eg fri.

3. Eg meiner det er fint at det er som det er i dag. Desse dagane har jo også ein religiøs og kulturell tydnad.

Maria Henningsen (51):

1. Nei. Det er lite mulegheit for fri elles i året.

2. Eg er på hytta og går på ski. Annakvart år reiser eg til Brasil, dit skal eg i år.

3. Eg har ikkje barn, så for meg kan det vere ein idé. Det er også billegare å reise om ein kan velje tida sjølv.

Ruben Amadeus Skaar (27)

1. Nei, det hadde ikkje vore greitt. Eg likar fridagane. Det handlar om å feire kristne tradisjonar.

2. Eg slappar av. Det blir som ein normal fridag.

3. Det er uaktuelt. Raude dagar er noko vi får, andre fridagar må vi spare opp. Vi feirar den høgtida som er, og den kan vi ikkje flytte på.

Rikka Zidane (36):

1. Både ja og nei. Som bedrift vil eg seie ja, som privatperson blir det nei.

2. Slappar av.

3. Det synest eg ikkje noko om. Det er mykje betre å ha ein fridag i ny og ne slik som det er i dag.

Malene Birkeland (21):

1. Eg meiner vi treng desse fridagane. Det er ein tradisjon at det har vore sånn.

2. Eg reiser heim til Naustdal. Det er ikkje mykje lengre fri dei dagane gir, men det er jo litt.

3. Det hadde sikkert vore ei enklare løysing, med tanke på dei inneklemte dagane.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter