Nyheter

– Det kjennest som om eg skuffar folk

Pastorson Daniel Godø (22) hadde bestemt seg for at ingen skulle få vite at han var homofil. I kveld sto han fram på TV.

– Det har vore veldig vanskeleg å stå fram. Ingen i mitt miljø er slik som eg, ingen snakkar om det å vere homofil. I tillegg er eg son av ein pastor og ei pastorinne. Det kjennes som at eg skuffar folk. Men eg kan ikkje føle slik på det, for det er slik eg er, seier Daniel Godø.

Ålesundaren er med på realityprogrammet Farmen som går på TV 2. Publikum har blant anna kunne sjå at 22-åringen har funne tonen med deltakar Charlotte Thøgersen. Men i episoden som vart sendt i kveld avslørte Godø heilt andre kjensler:

– «Er du homse?» spør Charlotte i episoden i følgje TV 2.

– «Eg synes det er så merkeleg. Eg hatar det ordet, og den båsen. Heime så er alle venane mine kristne, det passer seg liksom ikkje. Greia er at eg framleis er forvirra, det er veldig vanskeleg», svarer Daniel litt brydd.

Vanskeleg

– Eg har håpa at folk skulle spørje meg om eg var homofil, for eg har ikkje klart å seie det sjølv. Eg var ikkje tvil om at dette aldri skulle bli kjent, seier Godø til Vårt Land få timar etter at saka har blitt kjent.

– Korleis har det prega deg?

– Det har vore vanskeleg. Når venar har snakka om kjærleikslivet, så har eg ikkje kunne snakka om dette. No er det som eit nytt samtaleemne, og det kjennes kult ut. Men det er eit dilemma, for eg er kristen og det står at det er gale.

Då ålesundaren etter mykje fram og tilbake valde å fortelje det til faren sin for fire år sidan, skreiv han det på ein lapp og gøymte den i ei krukke oppå eit skap. Deretter bad han faren leite etter lappen. Faren og mora er pastorpar i Pinsekirka Filadelfia i Ålesund.

– Pappa sendte meg SMS der det stod at han alltid ville vere glad i meg. Han bad meg kome heim slik at vi kunne snakke om det.

Det var ei tøff tid for Daniel.

– På den tida var livet mitt forskrudd. Eg klarte ikkje å handtere kjenslene mine og sleit med å vere på jobb og i kyrkja.

Før han fortalte foreldra sine om det, stakk han innimellom av frå arbeid og dei heime for å treffe gutar.

– Pappa hadde forstått at det var noko, men ikkje kvifor eg stakk av. No var han berre glad for at eg hadde fortalt det. Det blei mange lange gåturar saman for å prate. Pappa er veldig vis.

LES OGSÅ: Helt alminnelig homofil

Angra

– Korleis var det å fortelje faren din og familien om det?

– Utruleg vanskeleg. Då eg hadde gjort det så tenkte eg at det ikkje var verdt det. For eg var så flau og skamma meg over det. Eg brukte to-tre år på å kome over angeren på at eg hadde fortalt det.

Responsen var likevel god.

– Dei sa dei elskar meg uansett. Det går heilt fint for dei. Mine to brør er gift og har born. Dei er på eit anna stadium enn meg kan du seie, men slik er det berre. Eg må vere glad i meg sjølv for slik eg er.

– Har du snakka om Gud om dette?

– Eg har bede mykje. Og eg har kjent meg trygg. Eg veit ikkje, det er så rart. Eg har bede om at eg skal treffe ei dame og forsona meg med det. Om det skjer, veit eg ikkje. Men tanken har gjort meg trygg på at eg ikkje har trengt å dele dette med nokon.

LES OGSÅ: Én stemme avgjorde homospørsmålet i KrFU

Gud gir tryggleik

Daniel klarer ikkje bruke ordet homofil om seg sjølv.

– Har du klart å bruke homofili-ordet når du har bede?

– Eg er ikkje så glad i det ordet. Gud veit kva eg snakkar om. Han skal gi meg tryggleik og gi meg svar.

– Kor vanskeleg var det å stå fram på Farmen?

– Det føltes på ein måte rett, men då eg vakna opp dagen etterpå hadde eg angst i kroppen. Eg klarer framleis ikkje å seie det til folk. Eg har bede dei eg kjenner om å seie det til andre slik at eg skal sleppe å seie det sjølv.

Ikkje-tema

Homofili har vore eit ikkje-tema i det kristne miljøet han vaks opp i.

– Det som blir sagt er at vi ikkje har noko mot homofili eller homofile. Men sidan ingen andre i gjengen er skeive, har det heller ikkje blitt snakka om.

– Har du sakna det?

– Eg hadde sett pris på dersom det var eit allment tema i kyrkja.

Til trass for dette synes han pinsevennar er veldig flinke til å møte homofile.

– Eg har fått eit strålande godt inntrykk og berre positive tilbakemeldingar. Men no har eg berre vore ute av skapet i nokre timar, he he.

– Det har ikkje vore dritslenging om homofile i miljøet du har vekse opp i?

– Nei. Men ordet homse og homofil blir brukt som skjellsord. Difor er det vanskeleg å bruke det ordet no. Eg har lyst å vere streit.

– Har du vore redd for at venar og kjente vil reagere?

– Eg har vore redd for det. Men det ser veldig bra ut så langt. Mine nærmaste ser ut til å bli enno meir glad i meg.

– Galskap

Pastorsonen har frykta å få stygge reaksjonar.

– Eg har vore redd for det. Men det ser veldig bra ut så langt. Mine nærmaste ser ut til å bli enno meir glad i meg.

22-åringen spøkar mykje om at han no plutseleg har kome ut av skapet.

– Det er jo heilt galskap. Farmen er eit familieprogram, og ikkje Paradise Hotel eller Brokeback Mountain, liksom (film som handlar om to unge menn som innleier eit homofilt forhold i skjul journ.anm). Eg har verkeleg gjort det store no, ler Godø.

Ville finne ei kone

– Kva tenker du om det som står i Bibelen om homofili?

– Eg prøver å ikkje tenke for mykje på det. Kva skal eg seie, elsk Gud og elsk din neste. Eg er framleis truande, går i kyrkja og har det veldig bra.

– Har du snakka med andre homofile om dette?

– Nei, men eg har lese utdrag frå boka til Arnfinn Nordbø om korleis han kjente det då han vaks opp i bedehusmiljøet på Jæren. Der står det at Gud skapte oss perfekt. Det trøystar eg meg med.

– Kjem du til å få deg guttekjærast no?

– Eg veit ikkje. For eg har hatt ideen om at eg skal finne ei dame. Men kanskje det berre er ein ide eg har sidan det er det eg har fått fortalt er det rett.

Daniel er også redd for å skuffe folk dersom han skulle bli gift med ein mann.

– Det kjennest litt som om eg skuffar folk no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter