Nyheter

Den katolske kyrkja: Vi ville gitt erstatning i overgrepssak

Misjonssambandet og Frikyrkja gjer alt for å sleppe erstatningsansvar for overgrep mot misjonærbarn. Katolikkane krev ingen dom for å betale.

Ei kvinne tapte denne veka saka si mot Norsk Luthersk Misjonssamband og Frikyrkja som dreiv internatskulen ho gjekk på i Taiwan på slutten av 1980-talet. Ho budde på internatskulen medan foreldra virka som misjonærar ein annan stad i landet.

Kvinna ville at misjonen skulle bli gjort erstatningsansvarleg både for overgrep som overgriparen har erkjent, og for omsorgssvikten og svikta i oppfølginga ho meiner å ha blitt utsett for.

LES MEIR: Misjonærbarn kan ikke kreve erstatning fra organisasjonene

Betalte 250.000. Dersom Den katolske kyrkja i Norge hadde opplevd ei liknande sak, ville dei betalt erstatning, fortel Heidi Øyma, og viser til kyrkja sine retningslinjer for slike saker. Øyma er redaktør for St. Olav Kirkeblad og sat også i redaksjonskomiteen for bispedømmets beredskapsplan for overgrepsskuldingar.

– I saka med trondheimsbiskop Georg Müller som forgreip seg på «David», som guten vart kalla, blei det betalt 250.000 kroner i erstatning. Det var ikkje noko «David» sjølv kravde, men noko biskopen bestemte skulle bli gitt, seier Øyma.

– Kvifor krev de ikkje noko rettskraftig dom?

– Du kan argumentere for at dei som utfører overgrep, gjer det på eige initiativ og difor må betale sjølv. Vi tenker at det ikkje er heile sanninga. Det er noko med kva forhold folk har til desse menneska fordi dei representerer noko utover seg sjølv. Kyrkja må ta del i helingsprosessen etterpå, og den har også ei økonomisk side.

LES MEIR: Internatsaken: Kvinnen er skuffet over dommen

4 millionar. Summen på 250.000 vart satt sidan beløpet skulle tilsvare ei beskjeden årsløn, forklarar Øyma.

Kvinna som gjekk til sak mot NLM og Frikyrkja ville krevje 4 millionar kroner i erstatning.

– Hadde de behandla Müller-saka annleis ved eit slikt krav?

– Det veit eg ikkje. Vi ville nok ønska å gi erstatning uansett, men det blir mykje vanskelegare når det er snakk om slike summar.

LES MEIR: 'Mange foreldre tar dårlige valg på vegne av sine barn. Det må foreldrene ta ansvar for'

96 seksuelt krenka. Ein uavhengig rapport har konkludert med at om lag 13 prosent av dei som budde på misjonens organisasjonanes skuleinternat opplevd seksuelle overgrep. I spørjeundersøkinga «Oppvekst i utlandet» som NLM og Misjonsselskapet bestilte i 2009, svarte 96 personar at dei hadde opplevd seksuelle krenkingar på internatskolen, dei aller fleste utført av misjonens eigne tilsette.

– Hadde det vore vanskelegare å betale erstatning dersom de visste at det var nærmare 100 andre som hadde opplevd seksuelle overgrep?

– Det veit eg ikkje. Vi ville nok fått kalde føter med tanke på at vi ville gått konkurs. Viljen til å betale ville nok vore der, men evna er ikkje uavgrensa. I Den katolske kyrkja i USA har fleire bispedømme gått konkurs på grunn av slike erstatningssaker.

Annleis i USA. I USA forsøker Den katolske kyrkja oftast å løyse saka først utanfor den offentlege retten, og betalar ofte ein erstatningssum. Etter dette er det fleire som tek saka vidare til retten og krev millionsummar i erstatning.

– Men i USA går alt gjennom advokatar, som gjer store forretningar ut av dette, seier Øyma.

VERDIDEBATT: Gang på gang har enkeltmennesker sittet igjen med en opplevelse av at misjonsorganisasjonene var mer opptatt av å redde sin egen anseelse og økonomi enn å lytte til dem som opplevde omsorgssvikt og overgrep, skriver misjonærbarna Håvard Tørring, Magne Tørring og Harald Eraker

Nekta betaling. Denne veka kom det fram at det polsk-katolske bispedømmet i Koszalin i Nord-Polen nektar å betale erstatning til ein overgrepsutsett mann, sjølv etter at presten fekk to års fengsel for det han gjorde.

– I den saka argumenterer kyrkja med at presten opererer sjølvstendig i sin kyrkjelyd. Det blir for meg ein merkeleg kyrkjeteologi og måte å behandle saka på, seier katolikkleiar Heidi Øyma.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter